Hopp til innhold
X
Innhald

Hess-slekta tek over på Buskøy

Frå 1828 finn vi Ola Stefanson Tonning som eigar av handelsstaden. Han stamma frå ei stor handelsslekt i Stryn (sjå "Historia i Stryn"). Etter han kjem skipper Hans Kristian Hess inn som eigar.

Hess-slekta slo seg stort opp som fiskehandlarar og på selfangst. I 1888 reiv sonen Georg Balchen Hess det gamle herskapshuset frå Busch-tida og bygde nytt bustadhus. Under Georg Hess og sonen Jan Hess opplevde Refsøen ei stordomstid. I 1887 lasta Fylkesbaatane 1859 tønner saltsild frå kaia i Buskøy, og Georg Hess bygde opp ei stor verksemd med eksport av hummar og laks, og hadde ishus. Hess dreiv også landhandel og bakeri, bryggja øl og dreiv skjenkestove, og var ekspeditør for post, telefon og Fylkesbaatane. I 1875 er han registrert med 3 drengar og 2 tenestejenter.

Storreiaren Jan Hess

Sonen til Georg Hess, Jan Hess bygde vidare på det lokale «fiskeri-imperiet» som faren hadde skapt. Men han satsa i tillegg sterkt på fiske og fangst. Han kjøpte i 1894 si første dekksskøyte. I 1902 vart han reiar for fiskedampskipet «Solunder» på 73 tonn som vart brukt til sildedriving og bankfiske. På same tid hadde han fiskeskøyta «Henriette», først med segl, seinare med motor. I 1908 hadde han selt «Solunder» og kjøpte fiskedampskipet «Olga». På Søkinga i Solund bygde Jan Hess kring 1906 ei stor sjøbu.

Kompaniskap og store oppkjøp

Kompaniskap og store oppkjøp

I 1910 var Jan Hess gått i kompaniskap med Lyder Strømmen på Kolgrov. Dei bygde den 70 fot store selfangarsluppen «Polarstrømmen». Med denne seglførande sluppen dreiv dei selfangst i Kvitsjøen. Seinare selde dei og bygde ny dampbåt i 1915. Den heitte også «Polarstrømmen». Eit par år seinare kjøpte dei sin andre dampbåt, «Hvitefjell» på 90 fot. I 1918 kjøpte dei to kompanjongane endå ein stor selfangar som heitte «Øst».

I tillegg til parten i selfangstskutene, kjøpte Jan Hess fiskedampskipa «Storeggen» i 1911, «Segeren» i 1913, «Bell» i 1917 og eit stort fiskedampskip, «Ramoen» i 1918. Hess flytta frå Buskøy til Florvåg på Askøy i 1918, der han bygde opp stort pakkhus og kai.

Økonomiske vanskar

I den økonomiske krisa etter 1. verdskrigen fekk Jan Hess vanskar, og gjekk ut av kompaniskapet med Lyder Strømmen. Men Hess kava seg på beina att og bygde selfangstskuta «Buskøy» i 1926. Han kjøpte også ein mindre fiskebåt som forliste kort tid etter ved Skudesnes.

Jan Hess flytta tilbake til Buskøy i 1932, men tapte etterkvart det meste av formuen. Han dreiv den siste tida med ei lita fiskeskøyte.

Andre overtek handelen

Sidan har Hans Våge og Harry og Gerd Mattevik drive landhandelen på Buskøy. På eigedomen langs sjøen bygde Herman Færøyvik kai og sjøhus og dreiv sildesalting frå 1851 til 1954. Frå 1954 starta han mottak av tørka fingertare. Han og broren Edvard dreiv elles fiske med eigne trålarar og snurparar, og frakt av tare.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.11.2008