Hopp til innhold
X
Innhald

Hestenesøyra og Hyefjorden

Hestenesøyra sett frå vegen mellom Lote og Lotetunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hestenesøyra sett frå vegen mellom Lote og Lotetunnelen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Medan næringslivet på Hestenesøyra har vore prega av messingstøyperi og bærdyrking, har hyarane livnært seg i hovudsak på båtbygging i tillegg til tradisjonelt jordbruk. Åndslivet i grendene langs Hyefjorden har vore sterkt prega av at Hans Nielsen Hauge hadde mange trusfeller her.

Jektetradisjon

Frå tidleg på 1700-talet var det handels- og gjestgjevarstad på Hestenesøyra, og her var sagbruk. Daniel Didrik Müller frå Bergen dreiv handel frå 1712. Arne Larsson frå Hyen dreiv handel frå 1845, og etter nokre eigarskifte, tok Gloppen Spare- og Forbrugsforening over butikken i 1880. I 1866 kom Ivar Øvregaard frå Lærdal og vart postopnar og damskipsekspeditør.

Jektetradisjon

På Hestenesøyra var det fleire jekter, og sjømannstradisjonen frå jektetida gjorde at mange frå bygda seinare har arbeidd i Fylkesbaatane. Ein av dei mest kjende jekteskipperane var Ola Mattiasson Hestenes, som òg åtte fleire motorbåtar, og m.a. dreiv fiske ved Grønland i 1925.

Messingstøyparane

Hestenesøyra er først og fremst kjend for messingstøyperia sine.

Kleppenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kleppenes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Julegjestebod med overnatting

På Hestenesøyra og gardane kring Hyefjorden var det vanleg i gamal tid å feire julegjestebod i to-tre dagar – med overnatting i gjestebodsgarden. Dei to einbølte gardane Kleppenes og Osmundsnes hadde eige ungdomslag - «Samhald» - som skipa til julefestar og jonsokfestar. Laget vart oppløyst i 1930. Dei to grendene Osmundsnes og Kleppenes hadde omgangsskule heilt fram til 1928. Skulen heldt til tre-fire år på kvar gard, og garden måtte i den tida huse læraren.

Omgangsskule til 1928

Dei to grendene Osmundsnes og Kleppenes hadde omgangsskule heilt fram til 1928. Skulen heldt til tre-fire år på kvar gard, og garden måtte i den tida huse læraren. Osmundnes har fleire gonger vore råka av snøfonner, sist i 1970 då ei løe med fleire krøter vart sopt på sjøen. Etter dette vart bruket fråflytta.

Frå opninga av vegen mellom Hyen og Hestenesøyra. Foto: Olav Handeland. © Fylkesarkivet.

Frå opninga av vegen mellom Hyen og Hestenesøyra. Foto: Olav Handeland. © Fylkesarkivet.

Sist med vegsamband

Kleppenes og Osmundsnes fekk vegsamband i 1976. Vegen Hyen-Hestenesøyra var fullført i 1989. Samstundes stogga også ferja til Hyen å gå, og særleg råka vart gardane i Skjerdal på vestsida av fjorden. Her vart det i 1986 bygt eit stort settefiskanlegg – Skjerdal Laks A/S.

På Hyefjorden var det rutetrafikk med båt og ferje til 1989, då vegen frå Hyen til Hestenesøyra vart opna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Hyefjorden var det rutetrafikk med båt og ferje til 1989, då vegen frå Hyen til Hestenesøyra vart opna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2011