Hopp til innhold
X
Innhald

Høgdegarden Grønsberg

Grønsberg. © Sognafoto.

Grønsberg. © Sognafoto.

På garden Grønsberg, 450 meter over havet i Vik,vart det drive jordbruk på gamlemåten heilt fram på 1990-talet. M.a. bar ein mykje av høyavlinga i hus på ryggen.

Ingebrikt O. Grønsberg med høybør. Det er så bratt på høgdegarden Grønsberg at mykje av høyet må berast i hus. Foto: Aartun. Eigar: Ingebrikt Grønsberg/Vik lokalhistoriske arkiv.

Ingebrikt O. Grønsberg med høybør. Det er så bratt på høgdegarden Grønsberg at mykje av høyet må berast i hus. Foto: Aartun. Eigar: Ingebrikt Grønsberg/Vik lokalhistoriske arkiv.

Kornet vart sådd med såkalla såhakking fordi det var så bratt, og dei uskifta teigane på dei to bruka på Grønsberg ligg om ein annan som eit lappeteppe.

Garden har ei mengd uthus, m.a. fjøs til kvart dyreslag. Trass i det bratte lendet og vanskeleg drift, hadde bruka i 1865 fem hestar, 22 kyr, 68 sauer og fire grisar, og det vart sådd mykje korn. Fram til 1900 budde det 21 personar på garden.

Taubane

Grønsberg fekk ikkje veg før i 1979. Før den tid vart varer til og frå frakta med hest, frå 1956 med taubane. I 1965 kom den første slåmaskinen til gards.

Tildelt prisar

Brita Grønsberg fødd 1916 dreiv med sauer heilt fram til 1995. Den gamle driftaforma på Grønsberg vekte stor interesse mellom museumsfolk og filmfolk, og i 1990 fekk Brita og ektemannen Olav Ovrid (1911-1992) Kulturlandskapsprisen i samband med Landbrukets Miljøkampanje. I Kulturminneåret 1997 vart Grønsberg valt til Vik kommune sitt kulturminne. Husa er tekne vare på og nokre er restaurerte.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011