Hopp til innhold
X
Innhald

Hornindal Bondekvinnelag

Marie Tomasgard var leiar i Hornindal Bondekvinnelag frå starten i 1947 til 1965.

Marie Tomasgard var leiar i Hornindal Bondekvinnelag frå starten i 1947 til 1965.

Hornindal Bondekvinnelag vart skipa i 1947, og har sidan vore eit sentralt lag i bygda ved ymse tilskipingar.
Alt første året fekk laget 122 medlemer, og auka seinare til 152, men har sidan minka til kring 50 medlemer.

Laga bondekvinneferie

Marie Tomasgard var leiar i laget frå skipinga i 1947 til 1965. Ho var elles nestleiar i fylkeslaget i 14 år, og æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondekvinnelag. Ho var ein av pådrivarane i fylket for tilskiping av såkalla ferieveker for bondekvinner, der kvinnene budde på ulike hotell kringom i fylket.

Bryllaupsfilm

Laget fekk i 1953 laga «Bryllupsfilmen», som dokumenterer bryllups- og matskikkar i Hornindal i gamal tid.

Hjelpemiddel på omgang

I tida før vanlege elektriske hushaldningsmaskiner kom i bruk, kjøpte bondekvinnelaget m.a. inn ei potetrasp slik at folk kunne lage sitt eige potetmjøl. Seinare kjøpte dei inn elektriske baksteheller som gjekk på omgang mot ei krone i leige. Elles kjøpte laget store kasserollar for utlån ved bryllup og stemne i bygda.

Husmorvikar og onnebarnehage

Bondekvinnelaget fekk kommunen til å tilsetje husmorvikar på 1950-talet og starte skulekjøkken, og på 1980-talet fekk det i gang såkalla onnebarnehagar der ungane kunne vere under slåttonna. Onnebarnehagen vart driven i fem år inntil den kommunale barnehagen kom i fast drift.

Hornindal Bygdekvinnelag

I 1995 bytte laget namn til Hornindal Bygdekvinnelag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2011