Hopp til innhold
X
Innhald

Hotell-boomen

Hotel Central. Foto: Ottar Starheim, NRK

Hotel Central. Foto: Ottar Starheim, NRK

I løpet av nokre få år på 1880-1890-talet skaut det opp store turisthotell i sveitsarstil både i Stryn, Loen og Olden.

Dampbåtar og hesteskyss

Det vart starta dampbåtruter på vatna i Stryn, Loen og Olden. Bøndene organiserte skysslag som kunne stille opptil 70 hestar for turistskyss opp til breane.

Mange hender i arbeid då turistbåten Lodølen vart bygd.

Mange hender i arbeid då turistbåten Lodølen vart bygd.

Vegar til bretungene

Vegen til Briksdalsbreen vart opna 1891. Ved Kjenndalsbreen i Lodalen og ved Briksdalsbreen vart det frå 1896 bygt store restaurantar. Det er verd å merke seg at det var lokale bondesøner, og ikkje folk utanfrå med mykje kapital, som bygde opp og stod for drifta av dette mondène og luksuriøse «reiselivsproduktet». Men mange av dei hadde alt vore ein tur til Amerika og sett og lært før dei satsa på turisme i heimbygda.

Det same var tilfelle for mange andre gründerar i denne tida, som Innvik-guten Wald P. Skaaden som starta Indvikens Uldvarefabrik, og Utvik-guten Anders Hansen, som starta Evebøfoss Fabrikker på Sandane i 1907.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011