Hopp til innhold
X
Innhald

Høvding- og futegarden Eide

Sandane sett frå Austrheim. Grava til Eidehovdingen ligg oppe på platået over tettstaden, ved den store grana midt på biletet. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Sandane sett frå Austrheim. Grava til Eidehovdingen ligg oppe på platået over tettstaden, ved den store grana midt på biletet. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Eide har frå førhistorisk tid vore ein av storgardane i Nordfjord.

Kring 475 e. Kr. vart hovdingen på Eide lagd i haug. Han var kledd i raude stasklær og flott sverd ved sida. Funnet av «Eidehovdingen» på Ulvesbakken i 1889 er eitt av dei mest verdfulle i Noreg frå eldre jernalder.

Eidehovdingen slik kunstnaren S. Magnus framstiller han.

Eidehovdingen slik kunstnaren S. Magnus framstiller han.

På Bergen Museum finn vi denne pungen med lodd, funne i hovdinggrava på Eide. Foto: Arild Nybø, NRK.

På Bergen Museum finn vi denne pungen med lodd, funne i hovdinggrava på Eide. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gravhaugen til Eidehovdingen er 25 meter i tverrmål og er to meter høg. Den ligg heilt ute på terrassekanten på toppen av Ulvesbakkane. Denne grava er den rikaste utstyrte mannsgrava frå folkevandringstida på Vestlandet.

Romersk gullmynt

Hovdingen i grava vart lagd på ein bjørnefell og kledd i sin finaste stas. Inst mot kroppen hadde han ei tynn skjorte i raud ull med broderi av dyrefigurar. Bronseknappane var forgylte og dekorerte med mannsandlet i profil. Over stramme bukser bar mannen eit flott lærbelte med bronsebeslag og ei bronseøskje. Kappa hans var veven i raud eller brun ull og var prydd med breie band i brikketeknikk. Prydbanda har truleg vore djupgrøne og dekorerte med gule eller lysebrune figurar, og i endane var det fletta dekorasjonar. Rundt halsen hadde hovdingen ein gullmynt som vart prega ca. 408 – 450 for den romerske keisaren Theodosius II i Konstantinopel.

Gullmynten frå 400-talet som vart funnen i grava til Eidehovdingen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Gullmynten frå 400-talet som vart funnen i grava til Eidehovdingen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ved sida hadde hovdingen låg eit tveegga sverd med bronsedekorert slire. Over beina låg eit skjold med jernbeslag, og han hadde med seg både spyd og bogar i grava.

Beger frå Syria

Ein av dei arkeologiske skattane mellom ei mengd andre kjerald i hovdinggrava på Eide, var eit blått glasbeger som var laga i Syria. Ein gjenstand som i ettertid har vorte kalla ”tankeringen” er eit stykke i bjørk som kan trekkjast ut og formast til eit triangel. Tankeringen frå Eide-grava er dekorert med liner, geometriske mønster og figurar. Ein må til Iran og Afganistan for å finne liknande fornfunn, og ein trur at ringen vart brukt til spådomar og varsel. Alle desse klåre sambanda til Midt-Austen kan tyde på at Eidehovdingen sjølv har vore der – kan hende som leigesoldat for romarane? Ein skulptur med tankeringen som hovudmotiv er reist i Sandane sentrum.

Tusenårsstaden på Sandane med skulpturen forma som tankeringen frå grava til Eidehovdingen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tusenårsstaden på Sandane med skulpturen forma som tankeringen frå grava til Eidehovdingen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stort tun på Eide

I 2000 vart gardstunet til Eidehovdingen grave ut i Mona. Hovudbygget måler 43 x 8 meter og har hatt 20 søylepunkt og seks gruer. Huset hadde truleg fem inngangar. Fjøset, eller stallen, låg parallelt med hovudhuset og måler 24 x 7 meter. Det er planar om å rekonstruere garden til ”Eidehovdingen”.

Frå utgravinga av vikinggarden på Eide. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Frå utgravinga av vikinggarden på Eide. Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK.

Privat kapell i mellomalderen

Eide har vore ein sentral storgard i Gloppen gjenno heile mellomalderen og langt inn i dansketida, for garden var lenge sete for futen i Nordfjord. I mellomalderen hadde storfolket på Eide eige privatkapell på garden – ei såkalla høgendeskyrkje. Kapellet stod på Labakken. Riddaren Peter Bonde ”a Eidi” heldt truleg til på storgarden på Eide.

Futegard

Frå midten av 1500-talet til 1609 var Eide futegard for Nordfjord. Futen hadde tidlegare hatt tilhald på Maurstad ved Bryggja. Den fjerde av ”Eide-futane” var Christen Søfrenson Wittrup, som vart gift med Anne Abelsdotter. Anna vart kalla ”Blodbøtta” for hardstyret sitt på garden. I 1609 flytta futen frå Eide til Davik som låg meir sentralt i Nordfjord i den tida båten var framkomstmiddelet. At Eidegarden seinare var ein attraktiv eigedom ser ein av dei mange av dei danskætta handels- og embetsfolka som sidan eide garden: Vibdorph, Wittrup, Balchen, Bugge, Heiberg m.fl.

Store sandtak

På Eidegarden er det store sand- og grusførekomstar. Desse vart på 1970-talet planlagt som råstoff til betongplattformer til oljeindustrien i Nordsjøen. – Les meir om dette i artikkelen Gloppen i oljefeber. Seinare har m.a. vegstellet og Gloppen Sementsteinfabrikk henta sand her, og Veidekke driv produksjon av ferdigbetong i eige blandeverk ved sandtaket.

Eide-gardane sett frå aust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eide-gardane sett frå aust. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.01.2011