Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger først med kraftaksjesal

Etter at kraftmarknaden var deregulert på 1990-talet, starta Høyanger kommune som den første i Sogn og Fjordane eit omfattande sal av aksjar i ulike kraftselskap:

I 1997 selde kommunen aksjane sine i Sognekraft og Sunnfjord Energiverk. På sørsida vart Kyrkjebø Søre Kraftlag slege saman med Gulakraft i Gulen kommune i 1964, og Gulakraft vart i 1999 seld til BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap). I 1999 overtok BKK også Høyanger Energiverk.

No er det Fjordkraft A/S (eit samarbeidsselskap mellom BKK og Skagerak Energi) som syter for den vanlege straumforsyninga på nordsida av fjorden. Selskapet har eige administrasjonsbygg på Kyrkjebø.

Les også artikkelen: Ålmenn kraftforsyning i Høyanger.

BKK sitt administrasjonsbygg på Kyrkjebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

BKK sitt administrasjonsbygg på Kyrkjebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.11.2011