Høyanger Idrettsforening - HIF

Høyanger Idrettsforening - HIF vart skipa i 1917, og frå første stund mønstra HIF eige fotballag og turngruppe.
Den store stjerna dei første åra var høgdehopparen Fritz Warendorph. Han kom til Høyanger i 1916, og representerete det ferske idrettsmiljøet i NM i Oslo i 1917. Der tok Warendorph bronse. Året etter vart han Noregsmeister i Stavanger. Warendorph hoppa høgde med ein svært spesiell stil: Utstrekt i stiv «giv akt» svevde han vassrett over lista! Med denne stilen hoppa han 1,85. Warendorph flytta etter nokre få år frå Høyanger.
På 1930-talet var Gunnar Øren - eller «Store-Gunnar» - HIFs fremste friidrettskjempe. Han konkurrerte i alle kastøvingar, og vart Vestlandsmeister i slegge i 1940.
Skiaktivitetane vart lagt til Siplo oppe på fjellet. Her var det hoppbakke, og alt i 1938 vart det arrangert klubbmeisterskap i slalåm. Seinare vart det bygd skitrekk på Siplo.
Les meir om: Idrett og lagsarbeid i Høyanger.

Hopping i HIF-bakken på Siplo. Årstalet er usikkert, men truleg er det ein gong mellom 1925 og 1939. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 06.09.2010