Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening

Her feirar medlemene i Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening 30-årsjubileet sitt i 1946 i Folkets Hus.

Fana til HKIF. Foto: Olav Reiakvam. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Dei ulike fagforeningane samarbeidde gjennom fellesstyret fram til 1924. Då gjekk alle saman i «Kjemisk», med Ole E. Larsen som første formann. Frå same tid vart lønsforhandlingane samordna på landsplan, men den radikale foreininga i Høyanger forkasta gong på gong det sentrale forhandlingsresultatet.
I mellomkrigstida var det sterke spenningar og stadige konfliktar mellom kommunistar og Arbeidarpartifolk i «Kjemisk»: I 1928 toppa dette seg då kommunistavisa Fritt Folk vart kasta ut av Folkets Hus og måtte innstille. Same året avlyste fagforeninga 1. mai-arrangementet sitt fordi dei to fløyane ikkje kunne einast om festtalar.
I 1932 sto frontane så hardt mot kvarandre at det vart arrangert to 1. mai-tog i Høyanger. Likevel såg det ut til å gå mot forsoning i 1937, då fagforeninga fekk dei to partia til å stille felles liste ved kommunevalet. Forsoninga varde til 1947, då dei på nytt skilde lag i politikken.
Under 2. verdskrig freista nazistane å kontrollere fagforeninga med eigne «komissærar», men arbeidarane boikotta alle styreverv, og nazistane måtte gje opp forsøket.
Les også om:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 23.08.2010