Hopp til innhold
X
Innhald

Høyanger Sanitetsforening

Høyanger Sanitetsforening held til i Kloumanns Allé, som er det eldste huset i Høyanger. Det vart flytta dit frå indre Sogn.

Høyanger Sanitetsforening held til i Kloumanns Allé, som er det eldste huset i Høyanger. Det vart flytta dit frå indre Sogn.

Høyanger Sanitetsforening vart skipa i 1922. Laget kjøpte på 1930-talet eit hus i Kloumanns allé til lagshus.

Høyanger Sanitetslag fekk i gang ordningar med husmorvikar, heimehjelp, sanitetssyster, tannlege, helsestasjon for born og kvinner, eldreomsorg og hjelp til psykisk sjuke.

Laget var medskipar av den første barnehagen i fylket like etter 2. verdskrig. Dei første åra heldt barnehagen til i ein gamal låve på Øren gard. Eige barnehagebygg vart reist i 1953. Dette bygget vart rive då den nye riksvegen vart bygd på 1980-talet.

Høyanger Sanitetsforening vart tildelt Høyanger kommune sin kulturpris i 2011.

Barnehagen som Høyanger Sanitetsforening bygde i 1953.

Barnehagen som Høyanger Sanitetsforening bygde i 1953.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.12.2011