Hopp til innhold
X
Innhald

Hungersteinen i Solvorn

I Solvorn skulle det i gamal tid vere reist ein stein som vart kalla «Hungersteinen». Namnet hadde den fått fordi den vart reist til minne om alle som hadde døydd i ei stor hungerskatastrofe i 1693.

Årstalet var hogge inn i steinen som m.a. vart vist fram til stortingspresident Wilhelm Christie då han vitja Solvorn i 1826. Hungerkatastrofa var eit resultat av Den vesle istida - ein kuldeperiode frå midten av 1600-talet til byrjinga av 1800-talet. Det var på det kaldaste kring 1693, då polhavsisen låg heilt nedover til Færøyane og Island.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.11.2008