Husbygging og staseleg byport

Byporten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Når Høyanger ein gong fekk vegutløysing - og jernbane - skulle innkøyrsla til byen kome frå nordvest. Her vart det seinare reist ein mektig byport. Byporten stod ferdig i 1934.
Verket sytte for utbyggjing av både bustader, veg, vatn og kloakk. Ny, stor skulebygning vart reist i 1923. Frå 1923 til 1935 vart dei 66 små arbeidarbustadane «Egne Hjem» bygde på høgda nord for verket. I 1934 bygde NACO og kommunen sjukehuset ved Storgata.

Bygging av eit Egne hjem-hus i juni 1924. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Høyanger Verk/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Les også:
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 30.07.2009