Hopp til innhold
X
Innhald

Husdyr-eksport til USA

I 1939 fekk postopnar og gardbrukar Olaf Thomassen (1901-1966) i Vik brev frå ein eksentrisk og rik skipsreiar i USA. Amerikanaren hadde på turistreise i Noreg tykt vel om norske hestar og kyr, og no bad han Thomassen om å skaffe han seks kyr (med horn med knappar på!), ein okse og to unghestar av fjordhestrase.

Etter mange problem med amerikanske import- og karantenereglar, fekk Thomassen omsider dyrelasta avgarde. I Amerika vart dyra sette inn i blandingsavl med andre rasar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.11.2008