Hopp til innhold
X
Innhald

Hydro Aluminium tek over

Frå 1986 er det Hydro-emblemet som har pryda verksporten i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå 1986 er det Hydro-emblemet som har pryda verksporten i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter hemmelege forhandlingar leia av industriminister Jan P. Syse frå Høgre, vart ÅSV slege saman med Norsk Hydro i 1986. Aluminiumsproduksjonen er seinare skild ut som eigen divisjon under namnet Hydro Aluminium, og under denne sorterer Høyanger Metallverk. Men i motsetnad til situasjonen kring kraftforsyninga til Årdal Metallverk, der Hydro Energi forvaltar konsernet sin kraftproduksjon i Årdal og Fortun, så er det Statkraft som eig og driv kraftverka kring Høyanger. I samband med at Staten skulle overta dei eldste kraftverka ved såkalla "heimfall" etter 60 år, vart det funne ei pakkeløysing der også nyare kraftverk som Gautingsdalen og Eriksdalen vart overtekne av Statkraft.

Uviss framtid

I 1999 vart vedlikehald overlate til selskapet Kværner Oil and Gas. Dei sysselset kring 135 personar. I produksjonen elles arbeidde det då kring 300 personar. Kring tusenårsskiftet gjekk høyangersamfunnet inn i ei tid med uvisse om kva som kom til å skje med verket i framtida: I fleire år heldt Hydro døra på gløtt for modernisering og utbygging i Høyanger. Men det viste seg etter kvart at Hydro-leiinga heller satsa på bygging av metallverk i utlandet i staden for å satse på metallverka sine i Sogn. I 2006 vart dei siste 60 av dei i alt 148 Søderberg-omnane i C-hallen slegne av og fabrikkhallen riven, utan lovnad om at nye smelteomnar skulle kome i staden. For å stimulere til nyskaping og etablering av nye verksemder i Høyanger, har industrikonsernet gått inn i skipinga av utviklingsselskapet Hydro Vekst.

Tomta etter at C-hallen vart riven. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tomta etter at C-hallen vart riven. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.09.2010