Idrett og lagsarbeid i Høyanger

Høyanger har hatt eit variert idrettstilbod, men fotballen har nok vore den dominerande idretten - ei stund var det to lag, eitt for arbeidarane - Falken - og eitt for funksjonærane - Høyanger Idrettsforening (HIF). Det er noko uklart om dette fotballaget er Falken eller om det er eit avdelingslag frå oksydfabrikken. Biletet er teke på slutten av 1930-talet av Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
(Om politiske og faglege organisasjonar med underavdelingar - sjå og Fagforeningar og Folkets Hus og Fagforeininga som sosial faktor).
Finnmarksmisjonen
i Høyanger vart skipa i 1870.
Bjordal og Osland kvinneforening
vart skipa i 1871.
Kyrkjebø Kvinneforening
vart skipa i 1874.
Høyanger misjonskvinnelag
vart skipa i 1878
Vadheim Skyttarlag
vart skipa i 1885.
Ikjefjord Skyttarlag
vart skipa i 1885. På 1890-talet vart det skipa skyttarlag i dei fleste grender i noverande Høyanger kommune.
Vadheim frilynde ungdomslag
vart skipa i 1886.
Kyrkjebø Ungdomslag
vart skipa i 1889. Laget fekk eige songkor i 1977.

Frå eit skodespel Høyanger Ungdomslag sette opp i Valhall. Årstalet er ikkje kjent. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Høyanger ungdomslag og ungdomshuset Valhall
Høyanger Ungdomslag vart skipa i 1893, og kunne ta i bruk ungdomshuset "Valhall" i 1921.
Ortnevik fråhaldslag
vart skipa i 1899.
Kyrkjebø Mållag
vart skipa i 1905. Laget låg ei tid nede, men vart starta på nytt i 1945 med 298 medlemer.
Vadheim Musikklag
vart skipa i 1910.
Vadheim Sanitetsforening
vart skipa i 1912.
Bjordal Helselag
vart skipa i 1914.
Høyanger Anleggsarbeiderforening
vart skipa i 1916. – Les meir i artikkelen: Historia om industribyen Høyanger.
Høyanger Jern- og Metallarbeiderforening
vart skipa i 1916. – Les meir i artikkelen: Historia om industribyen Høyanger.
Høyangsfaldenes Funksjonærforening
vart skipa i 1916. I 1918 gjekk den over til Høyanger Formann og verksmesterforening. Denne organsiasjonen eksisterer framleis under namnet Høyanger Arbeidslederforening – Les meir i artikkelen: Historia om industribyen Høyanger.
Høyanger Formann og verksmesterforening
– sjå Høyangsfaldenes Funksjonærforening.
Høyanger Arbeidslederforening
- sjå Høyangsfaldenes Funksjonærforening.
Losje «Industri»
skipa i Høyanger 1917.

Frå ein fotballkamp på Sletta mellom HIF og eit lag frå Bergen, truleg Varegg, i 1947. Foto frå Hydro-arkivet.
Høyanger Idrettsforening - HIF
vart skipa i 1917.
Sportsklubben Falken
vart skipa i 1918.
Turn og Atletklubben Falken
– sjå Sportsklubben Falken.

Kvinneturnarar frå Falken på Sletta. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Høyanger Sanitetsforening
vart skipa i 1922.

Fagforeningens Musikklag eitt av dei første åra etter stiftinga i 1923. Frå v: Jan Haugen, Harald Sagen, Holger Forsberg, Hans Adolf Rambech, Olav Grønstad (?), Per Buue, ukjend, Thorstein Olsen, Edvard Navestad, Odd Haugen, Sverre Sunde, Karl Olsen, Tormod Haaland, Bernhard Eide, Peder Pedersen, Henrik Lundin. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Fagforeningens Musikklag
i Høyanger vart skipa i 1923. Musikklaget heitte dei første åra Høyangerarbeidernes Musikkorps.
Høyangerarbeidernes Musikkorps
– sjå Fagforeningens Musikklag.
Ikjefjord ungdomslag
vart skipa i 1923 etter opptak av lærar Lasse Hovlandsdal.
Eikefjorden ungdomslag
- sjå Ikjefjord ungdomslag.
Trædal og Strendene ungdomslag
- sjå Ikjefjord ungdomslag.
Trædal Mållag
- sjå Ikjefjord ungdomslag.
Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening
vart skipa i 1924.
Høyanger Dramatiske Forening
var ei forening som i mellomkrigstida sette opp og framførte skodespel i Folkets Hus.
Kyrkjebø Helselag
vart skipa i 1925. Det skifta seinare namn til Kyrkjebø Sanitetslag.
Kyrkjebø Sanitetslag
- sjå Kyrkjebø Helselag.
Høyanger Roklubb
vart stifta på 1920-talet og hadde stor aktivitet i nokre år før krigen.

Høyanger Skulemusikk på 1930-talet. Då var det berre gutar som fekk vere med. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Høyanger Skulemusikk
vart skipa i 1926. Dei første 30 åra fekk berre gutar vere med, men i 1956 vart dei første jentene tekne inn.
Strendene Sanitetslag
for Bjordal og Ortnevik vart skipa i 1926.
Søreide Sanitetslag
vart skipa i 1926.
Høyanger Arbeidermandskor
vart skipa i 1928.

Fisket i Daleelva har vore ei viktig sak for Høyanger Jakt og Fiskelag. Her har ein gut fått fangst i elva, turleg rundt 1930. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Høyanger Jakt og Fiskelag
vart skipa i 1933. Laget bygde skytebane i Dalen og har leigd fiskerettar og delteke i kultiveringsarbeid i Daleelva.
Vadheim Idrettslag
vart skipa i 1933.
Kyrkjebø Fråhaldslag
vart skipa ein gong før 1935. Dei tidlegaste lagsprotokollane er komne bort.
Høyanger Arbeidsløses forening
skipa 1936.
Fuglesetfjorden Bondekvinnelag
vart skipa i 1936. Laget har sidan bytt namn til Fuglesetfjorden Bygdekvinnelag.
Fuglesetfjorden Bygdekvinnelag
– sjå Fuglesetfjorden Bondekvinnelag.

Høyanger Røde Kors Hjelpekorps disponerer den tidlegare Falken-hytta på Siplo. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Høyanger Røde Kors Hjelpekorps
vart skipa i 1941.
Vadheim Røde Kors Hjelpekorps
vart skipa i 1941.
Lavikdal Idrettslag
vart skipa i 1945.
Høyanger Pensjonistlag
vart skipa i 1946 etter opptak frå Edvard Navestad, og er det nest eldste pensjonistlaget i landet etter Tune pesjonistlag. I 1974 kjøpte laget eit hus i sentrum som vart innreidd til eldresenter og opna i 1975.
Søreide Bonde og småbrukarlag
vart skipa i 1946. Laget vart lagt ned kring 1960.
Vadheim Bonde og småbrukarlag
vart skipa i 1946. Det gjekk inn i Høyanger Bonde og småbrukarlag i 1960.
Norevik og Stranda Bonde og småbrukarlag
vart skipa i 1951. Det gjekk inn i Høyanger Bonde og småbrukarlag i 1960.

I 2009 møtte IL Høyang Brann i fotballcupen. Heimelaget tapte 6-0, men det vart likevel ei stor oppleving for 1750 på tribunane. Foto: Steinar Lote, NRK.
Idrettslaget Høyang
var skipa i 1957 ved at Sportsklubben Falken og Høyanger Idrettsforening - HIF vart slegne saman.

Høyang-spelarar i 2009. Foto: Idar Henning Måren.
Lavikdal Bonde og småbrukarlag
vart skipa kring 1969.
Lavik pensjonistforening
vart skipa i 1976.
Sørsida pensjonistlag
vart skipa i 1979.
Kyrkjebø Idrettslag
vart skipa i 1980.

Alværa Misjonsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Alværa Misjonsenter
ved Lavik vart bygt i 1982 av lokallag i Det Norske Misjonsselskap.
Vadheim pensjonistlag
vart skipa i 1984.
Høyangerhallen
idrettshall i Høyanger vart bygd i 1985. Hallen har eit samla areal på 2.175 kvadratmeter og ligg like ved idrettsplassen i bygda.
Høyanger Bonde og småbrukarlag
vart skipa i 1985 ved samanslåing av tidlegare lag Vadheim, Norevik og Stranda.
Høyanger Revmatikerforening
vart skipa i 1985. I 2010 har laget vel 100 medlemer.
Ikjefjord grendahus
vart bygt i 1987. Huset avløyste då Ikjefjord ungdomslag sitt ungdomshus som då vart rive. Dette ungdomshuset vart bygt i 1935.
Kyrkjebø Hundeklubb
vart starta i 1987.
Trappeløpet
I 1993 vart Trappeløpet i Høyanger arrangert for første gong. Dette er det brattaste motbakkeløpet i Noreg. Deltakarane spring eller går opp dei 1268 trinna i trappa ved røyrgata. Rekorden opp den 570 meter lange løypa er 8,24, sett i 2010 av Mats Mjøs Andersen.

Amalie Olsen under Trappeløpet i 2009. Foto: Lars Jonas Pedersen.
Fjordbrass Lavik
er eit musikkorps som vart skipa i Lavik i 1997.
Måren Biennalen
vart første gong skipa til i 2003 av kulturarbeidaren og diktaren Ivar Orvedal (sjå denne). I den veglause bygda Måren har Orvedal skapt ein ”alternativ festival” for m.a. dans, biletkunst, litteratur, landart, folkemusikk og rock. Kjende utanlandske kunstnarar har vitja festivalen.
Høyangerbadet
vart opna i august 2006 og inneheld innandørs og utandørs symjebasseng, vass-sklier m.m. Anlegget kosta 74 millionar kroner.

Høyanger kommune har investert mykje i idrettsanlegg. Her ser vi Høyangerbadet, Høyangerhallen, kunstgrasbana og naturgrasbana på Sletta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Ungdommens Hus
i Høyanger vart opna i 2007. Aktivitetssenteret fekk lokale i Høyanger rådhus.
Balestrand og Høyanger Turlag
vart skipa i 2008.

Båtfolket i Høyanger har sin fristad i Skjeggestranda utanfor Sæbøtangen.
Les meir om: Historia i Høyanger
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.10.2011