Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettsanlegga på Heggmyrane

Sogn Skisenter ein flott vinterdag. Foto: Sogn Skisenter.

Sogn Skisenter ein flott vinterdag. Foto: Sogn Skisenter.

Skisenteret på Heggmyrane i Hafslo er eitt av dei største vinteridrettsanlegga i Sogn og Fjordane med over 2.000 meter lang alpinbakke og 10 kilometer langrennsløyper.
Planane for skianlegget tok form på 1970-talet, og området vart regulert for idrettsanlegg i 1979.

Heggmyrane Skisenter AS vart skipa med lokale idrettslag og kommunen som største aksjonærar, og arbeidet med dei første langrennstraseane starta i 1983. I 1987 vart alpinanlegget og lysløypa for langrenn opna. Alpinbakken med 550 meters fallhøgde fekk eit skitrekk på 1.850 meter - eitt av dei lengste i landet. I 2002 vart trekket forlenga til 2.002 meter.

Sogn Skisenter BA

I 1997 vart selskapet omskipa til Sogn Skisenter BA, og same året vart det reist eit stort servicebygg. I 2010 vart det bygt eit nytt skitrekk til to millionar kroner.

Sogn Golf

Aust for skianlegga har Sogn Golf - skipa av Mats Karlson, Olav Kjos Wenjum og Stig Jørgen Buvik - vart det i 2003 bygd ei golfbane.

Slik ser området på Heggmyrane ut sommarstid med litt av golfbana i framgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slik ser området på Heggmyrane ut sommarstid med litt av golfbana i framgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.04.2011