Hopp til innhold
X
Innhald

Industridraumar i Fortun

Stålverket i Fortun. Foto: Samson Brathole. © Fylkesarkivet.

Stålverket i Fortun. Foto: Samson Brathole. © Fylkesarkivet.

Ein av dei retteleg store fossekjøparar i Sogn var konsul Harald Larsen, som i 1905-1906 kjøpte fallrettane kring Høyanger, og noko seinare Fortun-vassdraget. For dei enorme falla i Fortun betalte han berre 45.000 kroner!

Konsul Harald Larsen fekk også handgjeve fallrettane til store delar av Mørkrids-vassdraget av Lars I. Mørkrid og Otto Fjøsne for 50.000 kroner. Men desse to seljarane var så framsynte at dei sikra seg pant i eigedomane.

Bygde stålverk

Konsul Larsen la store planar for stålindustri i Høyanger (sjå: Konsul Larsen og stålverksplanen), og då det ikkje gjekk, satsa han på Fortun, der han bygde ein liten kraftstasjon i 1919 og eit lite stålverk - L/L Sogns Elektrostaalverk. Dette stålverket vart drive på ein svensk patent og i hovudsak med svenske arbeidarar. Like ved fabrikken vart det bygt både arbeidarbrakker og laboratorium. Her budde svenskane saman med familiane sine.

Arbeidarar på stålverket i Fortun ca. 1920. Foto: Samson Brathole. © Fylkesarkivet.

Arbeidarar på stålverket i Fortun ca. 1920. Foto: Samson Brathole. © Fylkesarkivet.

På det meste var 100 mann i arbeid ved anlegget. Men smelteovnen havarerte etter kort tid, og verket vart lagt ned i 1921.

Larsen konkurs

Konsul Larsen gjekk konkurs i 1923. Fallrettane som han sat på m.a. i Fortun og delar av Mørkrid, vart i hovudsak overtekne av Indre Sogns Eiendomskompani A/S. Dette var eit selskap som var kontrollert av Christiania Bank & Kredittkasse (seinare Kredittkassen) i Oslo.

Mislukka sal lokalt

Indre Sogn Eiendomskompani freista i mellomkrigstida å selje kraft frå verket i Fortun lokalt. Men problemet var at kraftstasjonen låg i Skagen langt oppe i Fortunsdalen og langt frå dei meir sentrale bygdene der abonnentane budde. Kraftstasjonen vart difor ståande unytta, og i 1944 demonterte tyskarane kraftstasjonen for flytte den til Nord-Noreg. Men på vegen nordover sokk fraktebåten - og konsul Larsen sin kraftstasjon med den.

Selde til ÅSV

Indre Sogns Eiendomskompani selde i 1954 fallrettane i Fortun/Grandfasta til det statseigde Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) for 1,5 millionar kroner.

Mørkridsdalen ved Dyrhaug mellom stølane Fast og Osen. Foto: Halvard Johan Bolstad.

Mørkridsdalen ved Dyrhaug mellom stølane Fast og Osen. Foto: Halvard Johan Bolstad.

Mørkrid verna

Etter Larsen-konkursen førte ein misleghalden pantobligasjon for Mørkridvassdraget på 30.000 kroner til at den kjende «kraft-advokaten» Einar Langberg kravde tvangsauksjon over fallrettar og andre eigedomar som Larsen hadde disponert i indre Sogn. I 1925 fekk difor grunneigarane Lars L. Mørkrid og Otto, Olav og Sigurd Fjøsne tilslaget på det meste av Mørkrid-rettane for 500 kroner.

Dette«heimfallet» av Mørkridvassdraget til grunneigarane gjorde at det seinare vart halde utanom den store Fortun-utbygginga på 1950-talet. Og i 1993 vart Mørkridvassdraget varig verna. Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011