Hopp til innhold
X
Innhald

Industrihus-suksessen på 1960-talet

Få kommunar fekk større suksess enn Stryn og Hornindal med bygging av kommunalt eigde industriutleigebygg, som var den store moteretninga i norsk distriktspolitikk på 1960-talet. Mykje av grunnen til at det gjekk så bra i Stryn var nok at kommunen satsa på knoppskyting frå sunnmørsindustrien og på framhjelp for lokale verksemder som trengde modernisering.

Etter at Distriktenes Utbyggingsfond vart skipa i 1961, engasjerte utkantkommunar seg sterkt i utbygging av småindustri.

Utanom Førde (sjå Vekstsenteret Førde) var det ingen kommunar i Sogn og Fjordane som hadde støre suksess med dette enn Stryn kommune:

Frå 1965 bygde kommunen ut ei rad industriutleigebygg i Hornindal (som frå 1965 til 1977 var med i storkommunen Stryn), Stryn sentrum og i Innvik. I Innvik berga det kommunale bygget ein skrantande Innvik Ullvarefabrikk frå nedlegging, og i Stryn og Hornindal lokka ein til seg avleggjarar frå Sunnmørsindustrien – m.a. suksessbedrifta Humlen Industrier. Frå Nordfjordeid kom Sigmund Kjøsnes med idear om sjølvlysande plastskilt, og etablerte Fluor-Lux A/S.

Samarbeid med Sunnmøre

Stryn og Hornindal orienterte seg i denne perioden også økonomisk mot Sunnmøre: Sunnmørsbanken ytte store lån til nye og eksisterande verksemder (m.a. utbygginga av Alexandra Hotell), og oppretta bankfilial i Stryn. I denne perioden kom også bussfabrikken Vest-Karosseri i gang i 1965, og bøndene bygde eige slakteri for Indre Nordfjord i Olden, Nordfjord Kjøttindustri (Nordfjord Kjøtt), i 1961.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.12.2010