Hopp til innhold
X
Innhald

Innføring av nynorsk i Naustdal

Nynorskforkjemparane prøvde å innføre nynorske salmar i Naustdal kyrkje i 1904, men vart nedrøysta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nynorskforkjemparane prøvde å innføre nynorske salmar i Naustdal kyrkje i 1904, men vart nedrøysta. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norskmaalets Bokhandel

I 1886 skipa Mons Litleré «Norskmaalets bokhandel i Naustdal».

Målstrid om kyrkjesalmane

I 1904 vart det reist krav frå nynorskfolka om innføring av Blix-salmane i Naustdals-kyrkja. Prost Landmark var for nynorsk, men fekk vite av motstandarane at «de vise skal forstyrre verden». Her som mange stader elles, rekna eldre konservative det for ukristeleg å nytta anna enn «Guds språk» i kyrkja – d.v.s. bokmål. Framlegget om nynorske salmar vart røysta ned med stort fleirtal.

Målstrid i skulen

Også i skuleverket braut det ut målstrid då alle krinsane med unntak av Naustdal gjekk inn for nynorsk som undervisningsmål ved ei rådgjevande folkerøysting i 1907. Bokmålsfolket kravde nye folkerøystingar og trenerte saka, slik at nynorsk ikkje var innført i alle skulane i Naustdal før i 1920.

I Vevring kommune fekk småskulen nynorsk i 1908, og dei fleste krinsane fekk nynorsk på alle klassetrinna i 1920 – med unntak av Vevring, der bokmålet heldt seg som skulemål til 1934.

Nynorsk som administrasjonsmål

Innføring av nynorsk som administrasjonsmål starta i Naustdal kommune i 1914, og i kommunestyret frå 1922. Sparebanken var siste «institusjon» i Naustdal som gjekk over til nynorsk – i 1936.

I Vevring vart det stilt nynorskliste ved kommunestyrevalet i 1907, men den fekk lita oppslutning. I 1909 vart det skipa eit riksmålslag i Vevring, men var tidleg på vikande front. Og i 1922 tok ein til å føre kommunale møtebøker på nynorsk også der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010