Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Aasen i Gulen

Språkgranskaren Ivar Aasen frå Ørsta vitja Sogn fleire gonger då han samla dialektmateriale til det nynorske skriftspråket.

Språkgranskaren Ivar Aasen frå Ørsta vitja Sogn fleire gonger då han samla dialektmateriale til det nynorske skriftspråket.

Første gong var i 1842. Etter fleire vekers opphald i Lærdal og Sogndal, reiste Ivar Aasen utover Sognefjorden og hadde stopp i Vik, Lavik og Eivindvik, der han budde i åtte veker, m.a. hjå prost Niels Griis Alstrup Dahl. Hjå Dahl fekk han m.a. låne gamle islandske bøker og ordbøker, og skreiv seinare rosande ord om denne folkeopplysaren.

Aasen gav ut den nynorske grammatikken i 1848 og ordboka 1850.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2009