Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Aasen i Sogndal

I fire månader hadde Ivar Aasen Sogndalsfjøra som base for studiane av folkemålet i Sogne-bygdene. Han gav ut den nynorske grammatikken i 1848 og ordboka 1850.

Den siste «sogneferda» gjer Ivar Aasen i 1855. Frå Valdres kjem han til Lærdal, derfrå til Gaupne, opp Jostedalen, og vidare over Jostedalsbreen til Greidung i Stryn. Denne breturen har Aasen sjølv gjeve ei livfull skildring av.

Ivar Aasen teikna dette kartet over Sogndal.

Ivar Aasen teikna dette kartet over Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011