Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Aasen om klesdrakta i Vik

Mannsskulptur frå Vik på Fredensborg slott.

Mannsskulptur frå Vik på Fredensborg slott.

Kvinnekulptur frå Vik på Fredensborg slott.

Kvinnekulptur frå Vik på Fredensborg slott.

Ivar Aasen var innom Vik i 1843 på ei av sine reiser i Sogn.

Han fortel då at «Indbyggernes Klededragt er meget gammeldags og tildels stadselig. Mænderne gaae med Sidtrøier og tildels runde Huer med høy Top. Kvindfolkenes Helligdagsdragt er meget glimrende; deres Livstykker eller Snørliv ere besatte med store Spænder, de bære dessuden etslags Brystduge, udssyede med Sølvstads, samt er Bælte med Led eller Støler og med et overordentlig stort Spænde».

I «Normannsdalen» ved Fredensborg slott i Danmark står ei stor samling statuar av nordmenn i folkedrakter frå 1770. To av dei skildrar mann og kone frå Vik i folkedrakter.

Også Hans Nielsen Hauge var innom Vik på ei reise i 1802. Sjå elles: Ivar Aasen i Lærdal og Sogn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.07.2011