Hopp til innhold
X
Innhald

Jølstravassdraget

Huldefossen ved Mo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huldefossen ved Mo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Jølstravassdraget vart fallrettane til Hulde-fossen (90 meters fall) ved Mo jordbruksskule, Stakaldefossen og Brulandsfossen kjøpt i 1898 av fossespekulantane Henrik Christian Fredrik Størmer, Krag og Knutsen frå Oslo.

Sogn og Fjordane fylke kjøpte seinare fallrettane til Huldefossen frå dei tre Oslo-mennene. Huldefossen var mellombels verna fram til 1985, men i 2005 fekk SFE overteke fallretten til Huldefossen vederlagsfritt frå Sogn og Fjordane fylke.

Brulandsfossen tilbake

Ordførar og sparebankdirektør Ole Martinus Erdal sytte i 1910 for å kjøpe fallrettane i Brulandsfossen tilbake til bygda, og i 1914 vart det kommunale kraftverket sett i drift.

Brulandsfossen med kraftverket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brulandsfossen med kraftverket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utbygging av Brulandsfossen

Kraftverket har seinare vorte bygd ut i fleire etappar, siste gong av Sunnfjord Energi kring 1990. Like etter denne utbyggjinga opplevde ein katastrofalt svakare laksefiske i Jølstra, og elva vart frå 1992 stengd for alt fiske i fire år. Seinare er det opna for avgrensa fiske etter sjøaure. Villaksen er freda. Elveeigarar og Sunnfjord Energi fører sak om kraftreguleringa i Brulandsfossen er årsak til svikten i fisket.

Les meir om kraftutbygging i Førde.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2010