Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedals-dialekten slektar på Nordfjord-målet

Det sterke sambandet mellom jostedøler og fjordingar over Jostedalsbreen fekk også eit høyrbart utslag: Jostedals-dialekten. Jostedals-dialekten høyrer til dei nordvestlandske dialektane, i motsetnad til dei dialektane som ein elles finn i Luster og Sogn. Desse høyrer inn i den sørvestlandske dialektgruppa.

Det karakteristiske for dei nordvestlandske dialektane er e-målet. Dette finn ein i Jostedalen, medan resten av Sogn har a-mål: Til dømes er «å drikke» i Jostedal, «å drikka» i resten av Sogn. Dessutan manglar den typiske sognalyden «ao» i Jostedals-dialekten.

Men likevel er innslaga av sognamål samstundes så sterke at Jostedals-dialekten vert ståande i ei slags særstilling midt imellom dei vestlandske målføra. Såleis heiter det på sognavis «bygdi» og «soli» i Jostedal - mot «bygda» og «sola» i Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.11.2008