Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedals-utbygginga

Jostedøla ved Fossøy. Elva har stor vassføring, og det var tidleg interesse for å byggje ut vassdraget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Jostedøla ved Fossøy. Elva har stor vassføring, og det var tidleg interesse for å byggje ut vassdraget. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

70 år frå kjøp til kraftproduksjon

Det lengste vassdraget i Sogn og Fjordane er Jostedalsvassdraget. Her er det ei fallhøgde på langt over 1000 meter, og Jostedalsbréen er det største vassmagasinet i landet. Likevel skulle det gå over 70 år frå vassdraget første gong vart kjøpt opp og til det vart utbygt. Jostedalsvassdraget vart kjøpt av fossespekulantar kring første verdskrig, men vart ikkje bygt ut før på 1960- og 1980-talet.

Det er også eit stort paradoks at bygdene i den «vassrike» Jostedalen var dei siste i fylket som fekk elektrisk straum. Det skjedde først i 1958.

Lokale folk var første fossekjøparar

Det var advokat Erik Fraas og grosserar Jacob Jacobsen Molland som først sikra seg fallrettane i Jostedalselvi og sideelva Leirdøla. Seinare selde dei til Staten.

Jotunheimen - Breheimen-planen

I 1966 starta Statkraftverka planlegging av ei enorm kraftutbygging i Breheimen og Jotunheimen.

Leirdøla-utbygginga

Leirdøla-vassdraget er eit sidevassdrag til Jostedalselvi, og ligg på vestsida av hovuddalføret. Det eigna seg såleis godt for ei separat utbygging, og detaljerte planar vart lagde fram i 1971.

Store industriplanar i Gaupne

Lokalt i kommunen argumenterte særleg dåverande ordførar Anders Bjørk for varige arbeidsplassar i byte mot kraft. Det første resultatet av dette kravet var at «Indre Sogn-utvalet» vart skipa vinteren 1972.

Jostedal kraftverk på Myklemyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jostedal kraftverk på Myklemyr. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utbygging og vern i Jostedalen

Statkraft starta utbygginga av Jostedalsvassdraget i 1984. Då krafta frå vassdraget kom på nettet i 1990, hadde anlegget kosta 2,3 milliardar kroner. På det meste arbeidde det kring 1.000 personar på Jostedalsanlegga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011