Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedalsbreen - ein lunefull granne

Nigardsbréen før 1900. Vi ser at bréen har trekt seg mykje tilbake sidan den gong. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Nigardsbréen før 1900. Vi ser at bréen har trekt seg mykje tilbake sidan den gong. Foto: K. Knudsen. Eigar: Billedsamlingen, UBB.

Nigardsbreen var kring år 1900 lenger framme i dalen enn den er i dag. Frå slutten av 1600-talet og fram til kring 1840 opplevde Norden ein kuldeperiode som sidan har vorte kalla «Den vesle istida». Einskilde meiner at kuldeperioden starta mykje tidlegare - på 1300-talet.

Baklibreen inst i Krundalen. Isras frå denne brearmen tok i 1986 livet av ein familie på tre frå Nederland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Baklibreen inst i Krundalen. Isras frå denne brearmen tok i 1986 livet av ein familie på tre frå Nederland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I «Den vesle istida» voks m.a. Jostedalsbreen kraftig, og brearmane skaut seg mange kilometer frametter dalane. I Jostedalen fortel ei gamal segn at Nigardsbreen hadde øydelagt «14 Røgstuer». Dette måtte truleg vere på 1600-talet.

Utstadig bre

I «Den vesle istida» var breen tydelegvis litt ustadig, og kunne også trekkje seg ein god del attende. Men midt på 1700-talet kom Nigardsbreen att og braut seg langt frametter dalen slik at den låg heilt fram dit Breheimsenteret i dag ligg. Den tok også med seg mykje av jorda og husa på gardane Nigard og Bjørkhaug.

Framleis ser ein tydelege merke etter endemorenen som Nigardsbreen la etter seg frå denne perioden, før den trekte seg tilbake. Voksteren på Nigardsbreen har kulminert i 1748, og etter den tid har den trekt seg tilbake fleire kilometer.

Tuftebreen i Krundalen gjekk så mykje fram at husa på Bergset visstnok måtte flyttast. Her pressa breen også ut store steinskred, og breen rudde med seg og øydela store landvidder. Også viktige stølsbeite vart øydelagde - m.a. er det i 1684 fortalt at gardane Grov og Bergset miste fjellstøylane sine i Krundalen.

Flaummerka syner kor høgt vatnet stod under flaumen i 1979 (øvst) og 1898. Foto: Merete Nusmo Høidal, NRK.

Flaummerka syner kor høgt vatnet stod under flaumen i 1979 (øvst) og 1898. Foto: Merete Nusmo Høidal, NRK.

Frosten øydela

I desse åra var det så kaldt at kornavlinga vart øydelagt for jostedølene. Særleg nokre år frå kring 1630 til 1659 og mellom 1685 og 1688 var harde. Likevel var det 1695 som vart det verste froståret -ikkje berre i Jostedalen, men i store delar av landet.

Flaum og snøskred

Som om ikkje plaga med breen var nok, vart Jostedalen også herja av store elveflaumar i 1675 og 1741. Mange gardar heilt nedover til Gaupne miste mykje av den dyrka jorda si i flaumane.

Vinteren 1747-1748 vart ein snørik og hard bolk. Då gjorde snøskred store skadar på mange gardar både i Jostedalen og elles i Luster og Fortun. Men frå midten av 1700-talet vart det gradvis varmare og breen minka. Men flaum har også gjort skade ved seinare høve: I 1898 gjorde ein «hundreårsflaum» i Jostedalselva kolossale skader på jordvegen nedetter dalen - sjå: Ulukker i Luster.

Storflaumen i Jostedalen i 1979

Natta til 15. august 1979 gjorde elveflaum og ras store skadar i Jostedalen.

Båtskyss på Nigardsvatnet

Kring 1930 hadde Nigardsbreen smelta så mykje at Nigardsvatnet dukka fram. Vatnet er to kilometer langt og har sidan vorte trafikkert med turistbåt som fraktar nysgjerrige turistar inn til brefronten i inste enden av vatnet. Trass i god merking og åtvaring til turistane mot å gå for nær breen, har isras råka turistar som trassar sperringane - ein gong med dødeleg utfall. Ras frå Baklibreen tok livet av ein familie på tre frå Nederland i 1986.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.03.2011