Hopp til innhold
X
Innhald

Jostedalsbreen nasjonalpark

På dette kartet ser vi grensene til Jostedalsbréen nasjonalpark.

På dette kartet ser vi grensene til Jostedalsbréen nasjonalpark.

På dette kartet ser vi grensene til Jostedalsbréen nasjonalpark.

I 1992 vedtok Stortinget å gjere Jostedalsbreen med nærliggjande brear og sidedalar til nasjonalpark. Det samla arealet til nasjonalparken er på 1320 kvadratkilometer.

Frå 1990-talet har det frå Jølstra-sida vore arbeidd aktivt for å byggje ut Kjøsnesvassdraget. Utbygginga vart godkjend, trass i at reguleringa kom innanfor nasjonalparkgrensene. Kraft frå Kjøsnesfjorden var på nettet i 2010.

Utsyn over Kjøsnesfjorden frå anleggsområdet til Kjøsnesfjorden Kraftverk. Foto: Sunnfjord Energi.

Utsyn over Kjøsnesfjorden frå anleggsområdet til Kjøsnesfjorden Kraftverk. Foto: Sunnfjord Energi.

Bresentra

Kring 1990 vart det opna tre bresentra nær Jostedalsbreen - Breheimsenteret i Jostedalen, Norsk Bremuseum i Fjærland og Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. På alle desse stadane vert brehistoria og ferdsla over breen godt dokumentert med modellar og utstillingar. I juli 2011 vart Breheimsenteret i Jostedalen totalskadd av brann.

Breheimsenteret har ei særmerkt utforming. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Breheimsenteret har ei særmerkt utforming. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Det var ikkje stort att av Breheimsenteret 29. juli 2011. Foto: Ole André Rekkedal, NRK.

Det var ikkje stort att av Breheimsenteret 29. juli 2011. Foto: Ole André Rekkedal, NRK.

Eit naturens kunstverk. Denne steinen forma av breen kan folk studere ved Breheimsenteret. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Eit naturens kunstverk. Denne steinen forma av breen kan folk studere ved Breheimsenteret. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.09.2011