Hopp til innhold
X
Innhald

Kampen om Kaldakari

Kaldakari sett frå Vårstølen på Veitastrond. Til venstre Snauedalen, som er ein gamal ferdsleveg til Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaldakari sett frå Vårstølen på Veitastrond. Til venstre Snauedalen, som er ein gamal ferdsleveg til Fjærland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På 1990-talet vart det hard strid då folk frå Veitastrond ville byggje ein restaurant på fjellet Kaldakari (1496 m.o.h.) og frakte turistane til og frå med helikopter.

Men miljøstyremaktene avviste planen fordi Kaldakari ligg innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark.

Stortingsrepresentant Kjell Opseth gjekk sterkt inn for prosjektet. Det same gjorde Framstegsparti-leiar Carl I. Hagen, men til lita nytte.

I 2004 gav Luftfartverket landingsløyve for helikopter på Kaldakari, like utanfor nasjonalparkgrensa, men striden om byggjeløyve for restaurant står enno enno uløyst.

I Olden vart det i 2007 lagt fram planar om ei gondolbane frå Briksdalen og opp på breen – mykje fordi den kjende turistmagneten Briksdalsbreen er i ferd med å smelte bort. I tilfelle gondolbana vert realisert, kjem den også i konflikt med nasjonalparkvernet.

Kaldakari med Tungestølen turisthytte i framgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaldakari med Tungestølen turisthytte i framgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.03.2011