Hopp til innhold
X
Innhald

Kapteinsgarden Måren

Kapteinsgarden i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kapteinsgarden i Måren. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I den einbølte og veglause bygda Måren aust for Høyanger finn vi eit staseleg hus på to etasjar, bygd i 1808. Frå 1670 har garden vore eigd av rike embets- og kjøpsmannsslekter som Holberg, Lem, Clausen, Blixencrone og Daae.

Christian N. Holberg, far til Ludvig Holberg, var ein av eigarane på slutten av 1600-talet.

Etatsråd Blixencrone åtte garden frå 1717 til ca. 1740 då prost Anders Daae (1680-1763) i Vik fekk hand om garden. Prost Daae var ein av dei største jordeigarane i Sogn på 1700-talet. Daae-slekta har sidan eigd hovudbruket i Måren.

Då kaptein Gerhard Heiberg Daae tok over i 1832, planta han prydtre og frukttre, bygde murar og skapte eit staseleg parkanlegg kring husa, kalla «Nyhagen». Etter hans tid har garden vorte kalla «Kapteinsgarden». Garden var i si tid ein av dei største i ytre Sogn, men har sidan vorte delt i fleire bruk. Tunet og hovudbygningen har Daae-slekta teke godt vare på, og i 2000 fekk eigarane Gerhard Melchior og Anny Daae tildelt Høyanger kommune sin bygningsmiljøpris for å ha teke godt vare på «Kapteinsgarden» i Måren.

Hovudhuset på Kapteinsgarden, også kalla Daae-huset, sett frå aust. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Kapteinsgarden, også kalla Daae-huset, sett frå aust. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les meir under: Den eldste historia i Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.05.2011