Hopp til innhold
X
Innhald

Keisar Wilhelm og vikinghelten Fridtjof

Keisar Wilhelm II. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Keisar Wilhelm II. Foto: Th. Jürgensen. © Fylkesarkivet.

Den mest kjende beundraren av Tegnér sin vikinghelt, var tyske Keisar Wilhelm II. Den modige Fridtjof høvde godt inn i det kvasi-vitskapelege tankegodset som tidleg på 1800-talet vart skapt av tyske forskarar.

Idéane gjekk ut på at leiarkasten «ariarane» i India skulle ha sin «urheim» og sitt opphav ein stad i Norden. Dette la seinare grunnlaget for raseteoriane om det ariske og germanske «overmennesket» som vart adoptert av nazistane.

To statuar

Keisar Wilhelm var frå 1890-talet ein årviss gjest i Balestrand, og fekk i 1913 reist kjempestatuen av Fridtjof den frøkne på Vangsnes, og statuen av kong Bele ved gravhaugane i Balestrand. Dei var skapte av kunstprofessorane Max Unger og Giertz. Bronsestatuen av Fridtjof på Vangsnes er 12 meter høg, og står på ein 14 meter høg sokkel.

Fridtjof-statuen på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fridtjof-statuen på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Århundrets hending i Sogn

Fridtjof-statuen på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fridtjof-statuen på Vangsnes. Foto: Arild Nybø, NRK.

Avdukinga av dei to statuane den 31. juli 1913 vart århundrets hending i Sogn:

Folkefesten varte i fleire dagar. Her ved sokkelen på statuen. Tusenvis av menneske frå inn- og utland strøymde til for å delta i folkefesten, som varde i fleire dagar. Alle hotellrom var borttinga lenge føreåt, og tilreisande måtte slå opp telt i parkar og på gardane kringom. På Kvikne's hotell gjekk dei tidleg tomme for mat. Hotellet måtte opne tønner med naudproviant - kjeks som stod lagra i kjellaren - for å mette alle som strøymde til.

Den keisarlege militærmusikken underheldt, og det vart arrangert roregattaer på fjorden. I Balestrand hadde ein «kledd ut» ein motorbåt som kval, som symde mellom dei keisarlege krigsskipa som låg for anker på Esefjorden!

Keisar og konge på Vangsnes

Keisar og konge på Vangsnes

Også kong Haakon VII deltok i avdukinga. Han kom til Sogn på panserskipet «Norge» (senka i 1940 ved Narvik), og brukte torpedobåten «Troll» (sjå Høyanger under krigsutbrotet 1940) til og frå Vansgnes. Også tidlegare statsminister Christian Michelsen var til stades. Orkesteret på keisarskipet «Hohenzollern» spela ein spesialkomponert kantate ved høgtida,og det vart gjort filmopptak.

Svulstig tale

Keisaren stod for sjølve avdukinga. Han heldt ei svulstig tale om vikingtida og om «blods-band mellom germanske nasjonar»:

Keisaren stod for sjølve avdukinga. Han heldt ei svulstig tale om vikingtida og om «blods-band mellom germanske nasjonar»:

«Det er ikkje berre som eit teikn på mi takksemd mot Noreg at er gjev desse gåvene. Men det kjem noko anna til, nemleg at eg vil det skal vere eit kjenneteikn på at alle germanske stammar høyrer saman.

Som Fridtjof står her - støtta på sitt sverd - som var germanarane sitt edlaste og kjæraste våpen - så kan han åleine minne germanarar, skandinavar og angelsaksarar om at dei er av same stamme og av eitt blod, og at det var forunt alle desse stammar å skape ei verdsutvikling og kultur i gamal dagar. Dersom dei framleis står saman, er eg overtydd om, at dersom Gud skal sende nye oppgåver, då kan dei makte desse oppgåvene - ikkje åleine til sitt eige -men til heile menneskeheita sitt beste. Det er min vilje at Fridtjof skal minne dei som ser han om dette.»

Kong Bele-statuen i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kong Bele-statuen i Balestrand. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kong Haakon heldt ei meir avdempa takketale for gåva.

Vart ståande

Etter 1. verdskrig ynskte mange at Fridtjof-statuen skulle rivast som takk for sist fordi tyske ubåtar hadde senka norske handelsskip. Men statuen fekk stå, og Fridtjof skodar framleis utover Sognefjorden frå sin 14 meter høge sokkel på Vangsnes.

Sjå også:

Keisar Wilhelm og kong Haakon på veg til avdukinga av Fridtjof-statuen på Vangsnes 31. juli 1913. Foto: Th. Jürgensen, Fylkesarkivet

Keisar Wilhelm og kong Haakon på veg til avdukinga av Fridtjof-statuen på Vangsnes 31. juli 1913. Foto: Th. Jürgensen, Fylkesarkivet

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011