Hopp til innhold
X
Innhald

Kinna-kyrkja, segna og spelet

På vestsida av øya Kinn i Flora kommune, med fritt utsyn over havet, ligg den vakre Kinna-kyrkja. Sidan 1985 har kyrkjegarden ved Kinna-kyrkja vore scene for det årlege Kinnaspelet.

Kinna-kyrkja og Kinnaspelet. Foto: NRK.

Kinna-kyrkja og Kinnaspelet. Foto: NRK.

Kinna-kyrkja, bygd kring 1100, er nær knytt til Selje kloster og Sunniva-legenden ved Stad. Den irske kongsdottera Sunniva rømde ifylgje segna frå heimlandet saman med ein liten flokk for å unngå tvangsgifte med ein vikinghovding. På tre skip dreiv dei i storm over havet. Dei fleste hamna i Selje, men ei gruppe dreiv i land på Kinn. Her er det på same vis som på Seljeøya ein steinhellar som dei kan ha budd i. Hellaren heiter Byrjehellaren, og her finst merke etter ein bygning. Like over kyrkja ligg Bornihellaren. Borni skulle vere systera til Sunniva.

Kinnaklova. Foto: Arne Stubhaug.

Kinnaklova. Foto: Arne Stubhaug.

Kinna-kyrkja

Legenda om Borni og slektskapet med Sunniva gjorde truleg Kinn til eit pilegrimsmål i mellomalderen. Kring 1150 vart det bygd ei etter måten stor steinkyrkje på Kinn. Kyrkja måler over 25 meter, og er bygd i to omgangar. Interiøret er dominert av det eineståande lektoriet frå kring 1250, ein rikt utskoren korboge i tre (sjå elles Kinn kyrkje).

Segna knyter Kinna-kyrkja til St. Sunniva, men meir truleg finn ein opphavet til kyrkja i keltiske misjonærmunkar som av ein eller annan grunn slo seg til på Kinn.

Kinnaspelet

Sidan 1985 har kyrkjegarden ved Kinna-kyrkja vore scene for det årlege Kinna-spelet, skapt etter initiativ frå sokneprest Odd Stubhaug i samarbeid med teatersjef Anne Gullestad ved Sogn og Fjordane teater. Ved jonsoktider kvart år vert det historiske spelet «Songen ved det store djup» av Rolf Losnegård framført av profesjonelle skodespelarar og lokale amatørar. Handlinga er lagt kring reformasjonen i 1537.

Kinna-spelet fekk Fylkeskulturprisen i 1993.

Kinnaspelet. Foto: Arne Stubhaug.

Kinnaspelet. Foto: Arne Stubhaug.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2017