Hopp til innhold
X
Innhald

Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen

Tunet på garden Bøen på Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tunet på garden Bøen på Ornes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Frå vikingtida seier segna at det budde ein småkonge på Ornes som heitte Ragnvald. Han hadde ei fager dotter som heitte Signy.
Inne i Årdal budde ein annan småkonge i Vetti, og sonen hans, Hagbart, la sin elsk på Signy. Man Ornes-kongen sette seg imot giftarmål mellom dei to. Difor bygde han eit hus oppe i brattaste fjellet og stengde Signy inne der slik at ikkje friaren frå Årdal skulle nå henne.

Kledde seg ut

Men Hagbart visste råd: Han kledde seg ut som kvinne og rei over fjellet mot Ornes. Der sa han at han var dotter til kongen i Vetti, og ville så gjerne inn til Signy for å sy saman med henne. Dermed slapp friaren inn. Men ei kvinne som heldt vakt, oppdaga lureriet, og medan dei elskande sov, stal ho skorne og sverdet til Hagbart og fortalde Ornes-kongen kva som gjekk føre seg.

Teken til fange

Kong Ragnvald fanga Hagbart og batt han med sterke reip, men den sterke Hagbart sleit seg laus. Då skar dei nokre lange lokkar av håret til Signy og batt han med. Hagbart hadde Signy så kjær at han ikkje ville slite av håret hennar, og slik vart han fanga og dømd til å bli hengd.

Tragisk slutt

Men før han gjekk til galgen, hengde han kappa si over eit kjerr. Då Signy såg kappa, trudde ho at det var kjærasten som hang der. Då sette ho eld på huset sitt og brann inne. Staden der huset låg, kallast framleis Signysalen eller Møysalen. Like etter brannen vart kjærasten Hagbart hengd.

Bygdefolket hemna seg

Men tenestekvinna - terna - som hadde slarva om kjærleiksparet til Ornes-kongen, vart ille ute: Bygdefolket tok terna og stampa ho ned i jorda. På den staden der ho vart drepen viser enno ei hole som heiter Ternehola, og der veks ikkje eit einaste grasstrå.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.09.2018