Hopp til innhold
X
Innhald

Klævoll - det første senteret

Klævoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Klævoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den vesle grenda på neset aust for Vadheimsfjorden heiter Klævoll. Her er det god hamn, og frå eldgamle tider var dette eit av dei viktigaste skysskifta langs Sognefjorden.

Frå 1600 var grenda senter i eit eige skipreide som omfatta bygder på begge sider av Sognefjorden. Her budde også lensmannen, og her låg tingstova.

Klævoll var så viktig at då austre delen av Lavik kommune i 1853 vart skild ut som eigen kommune, vart den heilt fram til 1890 kalla «Klævold herred».

Folket på Klævoll hadde fleire jekter, og «Klævollsjektene» var eit omgrep i fraktefarten på Sognefjorden i gamal tid. Ei tid var det også landhandel i grenda.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.09.2010