Hopp til innhold
X
Innhald

Kongevitjingar i Fjaler

Dåverande kronprinsesse Sonja og kronprins Harald på besøk på Jarl Skofabrikk i 1979. Vegvisar var Harry Eriksen. Vårdal Foto.

Dåverande kronprinsesse Sonja og kronprins Harald på besøk på Jarl Skofabrikk i 1979. Vegvisar var Harry Eriksen. Vårdal Foto.

Kong Christian V

vitja futesetet på Fure på reise mellom Bergen og Trondheim i 1685.

Kong Christian VI og dronning Amalie Sophie

vitja futegarden på Fure i 1733 på ei reise nordfrå og til Bergen - sjå: Futesetet på Fure.

Kong Harald 5.

vitja Fjaler i 1979 som kronprins saman med kronprinsesse Sonja i samband med ei større rundreise i fylket. Dei fekk då m.a. omvising på Åsnes Skifabrikk. Reisa gjekk elles til Solund, Høyanger, Gaular, Førde, Luster og Lærdal. Den 24. oktober 1992 opna han Hauglandsenteret.

Dronning Sonja på eitt av sine besøk på United World College på Haugland. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Dronning Sonja på eitt av sine besøk på United World College på Haugland. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Dronning Sonja

har vore ein flittig gjest i Fjaler: Som kronprisesse på vitjing saman med med kronprins Harald i 1979. Grunnsteinsnedlegging på Hauglandsenteret 13. juni 1990, opning av United World College 1995, og ei vitjing på Hauglandssenteret og Eikaas-galleriet i Jølster 1999. Dronninga vitja også United World College både i 2004, 2005 og 2014, og er UWC i Fjaler sin høge vernar.

Dronning Noor

frå Jordan var til stades då Dronning Sonja offiselt opna United World College i Fjaler i 1995.

Dronning Noor av Jordan på UWC. Foto: Asle Veien, NRK.

Dronning Noor av Jordan på UWC. Foto: Asle Veien, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.04.2014