Hopp til innhold
X
Innhald

Konsul Larsen og stålverksplanen

Like over hundreårsskiftet sat Bergens-advokatane Chr. Ameln og Johan Gran med fallrettane på fossane nærast Høyangsfjorden og dei store vassdraga mot nordaust, Gautingsdalsvassdraget og Eriksdalsvassdraget.

I 1905-1906 sikra konsul Harald Larsen seg alle desse fallrettane. Konsul Larsen hadde sikra seg retten til ein svensk patent på framstilling av stål. No ville han nytte vasskrafta han hadde kjøpt i Høyanger til eit stort stålverk. Han kjøpte industrigrunn på garden Øren. Sidan kjøpte han meir land på Sæbøtangen for å skaffe plass til industribyen.

I 1914 søkte Larsen konsesjon for å byggje ut fossane og byggje «elektrostål»-fabrikk. Bak seg hadde han sterke finansfolk på Austlandet, m.a. skipsreiar Klaveness.

1. verdskrig gjorde at han måtte gje opp stålverksplanen i Høyanger og selje til NACO, som bygde aluminiumsverk. Deretter reiste konsul Larsen til Fortun i Luster, der han hadde kjøpt fallrettane i Fortunvassdraget. Her bygde han eit lite stålverk, men kom berre til prøvestadiet før han måtte gje seg.

No kasta konsul Larsen auga sine på Lærdal, og i 1918 skipa han selskapet Sogn Elektrostålverk og bad kommunen skaffe han tomteland og ei leigeordning for krafta som skulle til. Lærdal kommune hadde på denne tid planar om kraftregulering i Lærdalselvi. Sjølv hadde konsul Larsen sikra seg fallrettane i Rikheimsvassdraget, ei sideelv til Lærdalselvi.

Sidan det var krig, hadde Larsen også vunne støtte for stålverksplanen hjå Forsvaret. Men eit stort stålverk kravde større ei utbygging enn av eit lite elvekraftverk, slik kommunen planla ved Husum. Skulle det monne, måtte ein regulere på høgfjellet. Utbygginga vart i 1919 kalkulert til tre millionar kroner. Men då var verdskrigen slutt, og trongen for «krigsstål» borte. Dermed trekte konsul Larsen seg ut av Lærdal.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.05.2011