Hopp til innhold
X
Innhald

Kontraktdyrkinga

Bergensmeieriet

Konservesfabrikken Drægni på Hermansverk gjorde i 1969 avtale med ein del bønder på Ljøsne og Tønjum om kontraktdyrking av grønsaker. Bøndene dyrka rosenkål og blomkål som vart sende til Hermansverk for foredling. Alt i 1970 var kring 40 Lærdals-bønder med på kontraktdyrkinga, som etter kvart vart utvida til andre grønsaksortar.

Bergensmeieriet

I 1979 bygde Bergensmeieriet i samarbeid med Drægni AS eit stort mottaksanlegg og konservesfabrikk på Lærdalsøyri. Bergensmeieriet tok på den tida mål av seg til å produsere og distribuere alle slags matvarer i tillegg til basisprodukta frå mjølk. M.a. starta Bergensmeieriet foredlingsanlegg for laks og annan fiskemat i nedlagde Askvoll meieri (sjå Ny produksjon frå Bergensmeieriet).

Slutt på konservesfabrikken i 1994

Slutt på konservesfabrikken i 1994

Konservesfabrikken i Lærdal gjekk konkurs i 1981. Forbrukarsamvirket med sine Røra-produkt prøvde å drive anlegget i Lærdal, men gav seg i 1984. Då overtok Oslo-firmaet Sunco, og etter fusjon med Heistad Fabrikker (eigd av Nopal på Elverum) dreiv dei anlegget til 1994. Då kjøpte Lærdal kommune anlegget, og under namnet Lærdal Frys AS leigde kommunen anlegget bort til Lerum-gruppen i Sogndal. I 1999 kjøpte Lerum-gruppen anlegget. Lerum har brukt anlegget til sorterings- og lagersentral for tomgods.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.05.2011