Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyning i Hornindal

Kraftverket i Brattejølet vart bygt i 1913 av Hornindal Electricitetsverk, som seinare vart omdøypt til Hornindal Kraftverk.

Kraftverket i Brattejølet vart bygt i 1913 av Hornindal Electricitetsverk, som seinare vart omdøypt til Hornindal Kraftverk.

Hornindal Kraftverk

vart skipa i 1913, og skal vere det første reint kommunale kraftverket i Sogn og Fjordane. Dette kraftverket sto for forsyninga heilt fram til 1955, men kapasitetsmangel gjorde at det var tildels streng rasjonering. I 1955 tok Firdakraft over forsyninga i heile kommunen.

Første styret i Hornindal Electricitetsverk: Sitjande frå venstre Rasmus S. Kirkhorn, Ola R. Svor, Anton Johnson, Amund P. Solheim og Jon Ytrehorn. Ståande frå venstre Ivar P. Moldsvor, Paul K. Kirkhorn og Ola E. Vellene.

Tussa-Kraft i Hornindal

Tussa-Kraft på Sunnmøre sette i gang ei stor regulering av vassdraga på nordsida av Hornindal i åra 1962-66, i eit såkalla «takrenneprosjekt». Takrenneprosjektet førde til at ein samla fleire elvar på nordsida av Hornindal og førde vatnet i ein tunnel nord om fjellet til nye kraftstasjonar på Sunnmørs-sida.

Snøskred drap sju

Den 24. januar og den 7. februar 1964 raserte to snøskred anleggsleirane til Tussa i Hjortdalen og Lisjedalen i Hornindal. Sju anleggsarbeidarar frå A/S Jernbeton, mellom dei Olav Brendefur frå Hornindal og Dagfinn Bjørlo frå Nordfjordeid miste livet. Dagfinn Bjørlo (Dabo) var på reportasjeoppdrag på anlegget for ”Fjordabladet ”då raset kom. Tussa-Kraft leiger i dag lokale i det tidlegare ”Tekno Industrier”-bygget på Ytrehorn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.02.2011