Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftforsyninga i Solund

Kraftlinja over Krakhellesundet Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftlinja over Krakhellesundet Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Solund kommune var ein av dei siste kommunane i Sogn og Fjordane som bygde ut eit samla kraftlinenett. L/L Solund Kraftlag vart ikkje skipa før i 1946, og før det måtte folk finne private løysingar på kraftforsyninga.

Linjebygging ved Hop i Solund i 1949. Foto: Tom Vassdal. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Linjebygging ved Hop i Solund i 1949. Foto: Tom Vassdal. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Særleg frå 1938 vart det bygd ei mengd private kraftverk som forsynte abonnentar på: Indrøy (1938), Buskøy (1939), Lågøy (1942), Gåsvær (ca. 1942), Ravnøy (1941), Tungodden/Steinsund (ca. 1942-1945) og Utvær (1946). Mange langs kysten prøvde også å produsere kraft med vindmøller i åra rundt 2. verdskrig. I alt var det registert 36 vindmøller i kystkommunane, og 25 av dei fanst i Solund og Flora.

Solund Kraftlag

Sokneprest Hjalmar Storeide var pådrivaren for skiping av L/L Solund Kraftlag i 1946. Han gjekk frå hus til hus og teikna abonnentar. Kraftlaget starta linebygginga i nordre luten av kommunen. Folk ytte eigeninnsats med frakt av arbeidsfolk og materialar. Mykje av nettet vart bygd med betongmaster. I 1950 fekk Hardbakke straum frå det nye nettet, og på Færøy t.d. hadde dei «lysfest» i 1951.

Men det skulle gå endå 10 år før ei av dei vestlegaste øyane, Nautøy, fekk straum. Det skjedde først i 1961.

Kraftlinje i Ytre Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kraftlinje i Ytre Solund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.06.2010