Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftplan og vern i Bréheimen

Strynevassdraget med Videseterfossen vart til slutt verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strynevassdraget med Videseterfossen vart til slutt verna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1973 la Statskraftverka fram planar om ei enorm kraftutbygging i Bréheimen og vassdraga kring Jostedalsbréen. Tanken var å utnytte det enorme vassmagasinet som låg i Jostedalsbréen til kraftproduksjon – særleg med tanke på nedbørsfattige år med kraftmangel elles i Sør-Noreg. Planlegginga av dette gigantprosjektet hadde starta i 1966.

I Stryn skulle det meste av vatnet førast til kraftverk i Loen gjennom eit stort ”takrenneprosjekt” frå dei andre vassdraga i indre Nordfjord. I høgfjellet skulle Raudalen på austsida demmast av til eit enormt magasin, og Ottavassdraget og Gudbrandsdalslågen skulle regulerast heilt nedover til Vinstra. I Jostedalen skulle m.a. Fåbergsgrandane demmast ned, og Jostedalselvi heilt ned til sjøen regulerast. – Les meir om utbygginga på sognesida i artikkelen Jostedals-utbygginga under Luster kommune. Gigantplanen møtte sterk motstand, og vart stoppa etter ei synfaring av dåverande miljøvernminister Gro Harlem Brundtland.

Bit for bit-strategi

Statkraftverka freista no å få mest mogeleg av planen gjenomførd ved å dele prosjektet opp i mindre bitar, men fleire av desse delprosjekta vart også stoppa av politikarane. Særleg galdt dette planane for Bréheimen mot Stryn og Ottadals-vassdraget. Leirdøla i Luster, som er ein vestleg sidearm til Jostedalsvassdraget, vart den første biten som vart bygd ut frå 1974 etter at det vart gjeve konsesjon. Jostedalsutbygginga vart gjennomført i redusert omfang etter konsesjon i 1984, og kraftverka der kom i full drift frå 1989.

Bréheimen verna

Men då det i 1984 vart søkt om regulering av Bréheimen og Strynevassdraget, vart saka utsett, og det enda med vern av vassdraget i 1993. Aksjonsgruppa ”Berg Bréheimen” med folk i Oppstryn i spissen gjorde mykje for vern av vassdraget. Sidan har ein mindre del av øvre Ottavassdaget opp mot Strynefjellet vorte regulert med kraftutbygging for 525 Gwh, mellom anna med inntak frå Raudalsvatnet. Breheimen nasjonalpark på 1691 kvadratkilometer vart skipa i august 2009 som den 32. nasjonalparken i landet. I tillegg kjem m.a. eit landskapsvernområde på Strynefjellet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.03.2010