Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftutbygging og anleggsdrift

Kraftstasjonen ved Vassbygdvatnet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kraftstasjonen ved Vassbygdvatnet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kraftutbygginga i Aurlandsdalen endevende den fredelege fjordbygda: Ein av dei viktigaste føremonene sett frå veglause Aurland var bygging av veg over fjellet til Hol. Lysverkene nytta den som anleggsveg, men den vart bygd som heilårsveg med riksvegstandard.

Anleggsdrifta nådde toppen i 1977, då det var 880 mann i sving på anlegga. Dei fem kraftstasjonane vart i tur og orden sette i drift frå 1973 til 1984.

Kraftmastene fører straumen austover, men Aurland fekk m.a. vegen Aurland-Hol som eitt av resultata av kraftutbygginga. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kraftmastene fører straumen austover, men Aurland fekk m.a. vegen Aurland-Hol som eitt av resultata av kraftutbygginga. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Då kraftstasjonane var fullførde i 1984, vart det att 70 faste arbeidsplassar i drifta. Men kommunen hadde i tillegg til heilsårsamband og vegutløysing over fjellet blitt ein av dei rikaste vasskraftkommunane i landet med titals millionar i årlege konsesjonsavgifter og eit feitt næringsfond.

I samband med omorganisering av Oslo Lysverker nokre år seinare vart konsesjonspengane til Aurland mykje reduserte, og talet på arbeidsplassar som var knytte til kraftverka i bygda vart skore ned til under 40. Oslo Lysverker har sidan gått inn i energiselskapet E-CO Vannkraft AS.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2011