Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftverka i Nausta

Kraftstasjonen som vart bygd under Hovefossen i 1918. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kraftstasjonen som vart bygd under Hovefossen i 1918. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Første kraftverket i Naustdalsfossen

Den første som bygde ut kraftverk i Nausta var kjøpmann Henrik Gundersen i Naustdalsfossen i 1910. Han hadde planar om å forsyne sentrum med elektrisk straum, men vart slegen på målstreken av ei interessentgruppe som skipa Naustdal Elektrisitetsverk.

Naustdal Elektrisitetsverk i Hovefossen

Ei gruppe privatpersonar frå nedre delen av bygda skipa Naustal Elektrisitetsverk i 1916. Kraftverket i Hovefossen kom i drift 1918 og leverte straum til 165 abonnentar på strekninga Naustdal-Indrekvam. Dei hadde opphaveleg tenkt å levere heilt ut til Sæla og oppover dalen til Åmot, men gjekk bort frå den planen. Naustdal kommune hadde garantert for til saman 125.000 kroner og sparebanken for 100.000 kroner, og då nedgangstidene kom på 1920-talet fekk desse svi fordi abonnetane ikkje makta betale for det vesle dei leigde av straum.

Restar etter kraftverket i Naustdalsfossen.

Restar etter kraftverket i Naustdalsfossen.

Problema sleit hardt på kommuneøkonomien, og to gonger på 1920-talet klaga Naustdal Lærarlag over at lærarne ikkje fekk løna si i rett tid fordi kommunekassen var skrapa for pengar. I 1929 vart det skipa eit nytt kraftlag i staden for det gamle, og sparebanken måtte på nytt tre støttande til med refinansieringa. Kraftverket i Hovefossen var i drift til 1953, då turbinen havarerte. Det vert fortalt at det ofte var svært dårleg spenning på krafta frå Hovefossen: Ofte såg lyspærene meir ut som svakt glødande ”makkar” oppe under taket i staden for å lyse skikkeleg opp i stova. Ein mann som skulle koke poteter til grisane, hadde hatt potetene ståande på komfyren i fjorten dagar utan at dei vart skikkeleg kokte!

Styggelifossen. Foto: Jan Herstad.

Styggelifossen. Foto: Jan Herstad.

Kraftverk i Styggelifossen

Frå 1951 fekk dei fleste gardane i Instedalen straumen frå eit kraftverk som vart bygt i Styggelifossen. Dette kraftverket brann ned 1973. Etter brannen vart abonnentane kopla til det kommunale el-verket. I 1956 vart det bygd ny og forsterka kraftline innover Naustedalen, og mange abonnentar knytte seg no til denne med forsyning frå det kommunale elektrisitetsverket. Kraftlina vestover langs fjorden til til Gjøringebø var ferdig i 1959, og dermed hadde alle langs fjorden elektrisk straum. Opp gjennom dalen vart det bygd fleire små ”gardskraftverk” i mellomkrigstida. To av dei som var i drift lengst, låg på Herstad. Der bygde gardbrukarane to kraftverk ved Herstadelva og Urdagrova i 1927. Det eine var i drift til 1950, og det andre produserte straum heilt til 1966.

Registrerte småkraftverk

i Naustdal som forsynte eitt eller fleire gardstun:

  • Kringla 1923
  • Andal 1925
  • Gamlestøl/Trodøla 1926
    • Løtuft 1926
    • Herstad – Uragrova og Alielva 1927
    • Bruflot 1930
    • Birkeland 1930)
    • Hamra 1930
    • Ekra 1936
    • Birkeland, Stølselva 1939
    • Naustdalslid 1940
    • Einevoll 1947
    • Helle 1950
    • Teigen 1950
    • Vona 1950
    • Styggelifossen 1951
    • Slettehaug 1954
    • Øvrebø 1954
    • Sørbø 1955

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010