Hopp til innhold
X
Innhald

Kraftverka i Naustdal

Fallet i Hovefossen vart utnytta til kraft i 1918. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fallet i Hovefossen vart utnytta til kraft i 1918. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Spørsmålet om storutbygging av kraftverk eller varig vern av Nausta har vorte diskutert både lokalt og nasjonalt i meir enn 40 år. Det enda med vern av Nausta i 2008. Både Vevring og Naustdal måtte få økonomisk hjelp frå Staten etter mislukka kraftsatsingar kring 1920.

Ålfotskandalen råka Vevring

Tidlegare Vevring kommune gjekk i 1918 med i Ålfot interkommunale kraftselskap, trass i at ordførar Gjert A. Hegrenæs (sjå denne) var ein av dei største skeptikarane til eit stort kraftselskap som skulle stå for straumforsyninga til Nordfjord og mesteparten av Sunnfjord. Vevring fekk, som dei andre eigarkommunane, store økonomiske problem då Ålfot- selskapet havarerte. Dette hadde samanheng med at selskapet var organisert som solidarisk selskap. Eit solidarisk selskap kan ikkje slåast konkurs, og alle eigarane måtte såleis dele på tapa då dei kom. Fylkesmannen freista å setje Vevring kommune under statleg administrasjon, men kommuneleiinga greidde så vidt å styre unna. Men i mange år frametter sleit Vevring med inndekking av sin del av underbalansen i Ålfot-selskapet. Den utgjorde ei stund kring halvparten av kommunebudsjettet i den vesle kommunen. Til slutt sanerte Staten mykja av gjelda. - Les om Ålfotskandalen under Bremanger kommune.

Naustdal styrte unna det verste

I den mest oppglødde tida freista fylkesmann Ingolf Christensen også å få med Naustdal kommune i Ålfot-selskapet. Han reiste sjølv til Naustdal i 1919 for å overtale, men fekk ikkje kommunen med. Likevel fekk Naustdal kommune svi for fadesen i Ålfoten med sterkt auka fylkesskatt som vart utlikna for å dekkje fylket sine enorme tap i selskapet. I tillegg sleit kommunen hardt etter store underskot på kraftverket i Hovefossen (sjå nedanfor).

Fjordspennet ved Vevring

Ålfoten Interkommunale kraftselskap fekk bygd ut eit stort linenett heilt sør til Stongfjorden før det havarerte. I Vevring kryssa denne kraftlina Førdefjorden ved Årset-gardane like vest for Vevring. Det var dette fjordspennet eit Airlift-helikopter kolliderte med i 1996 då fire menneske miste livet. Etter oppløysinga av Ålfot-selskapet overtok det nyskipa Ytre Fjordane Kraftlag – YFK – det linenettet som var bygd, medan Sogn og Fjordane fylke sikra seg fallrettane i Øksenelvane og Åskora i Ålfoten.

Kraftverka i Nausta

Den første som bygde ut kraftverk i Nausta var kjøpmann Henrik Gundersen i Naustdalsfossen i 1910.

Naustdal med i Svultingen

Naustdal kommune gjekk inn i kraftselskapet L/L Svultingen (sjå Hyllestad kommune) i 1947, men fekk kraft derifrå først i 1956. Svultingen var eit interkommunalt selskap som var skipa i 1939. Det bygde først ut vassfall i Lavikdalen i Høyanger kommune og seinare i Skorvavassdraget ved Førdefjorden. Det var dette selskapet som seinare utgjorde grunnstammen i Sunnfjord Energi.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 23.12.2009