Hopp til innhold
X
Innhald

Krig og nedgangstider i turismen

Turistar ved Kjenndalsbréen i Lodalen ca. 1900. Foto: Normann.

Turistar ved Kjenndalsbréen i Lodalen ca. 1900. Foto: Normann.

Turistferdsla fram til første verdskrig var sterkt prega av velståande overklassefolk frå hovudmarknaden Storbritannia. Opptil 60 flytande hotell kunne vitje indre Nordfjord kvar sommar, og i luksuriøse salongar og vakre hotellparkar kunne dei hyggje seg med kontinentale fritidssyslar som biljard og krokett.

Utbrotet av første verdskrigen i 1914 sette ein brå stoppar for turisttrafikken til Noreg, og mange turisthotell bukka under. Først i 1927 tok turistferdsla seg skikkeleg opp att, men no i form av ein gryande «masseturisme». Det Bergenske Dampskipsselskap gjorde avtale med eit engelsk reisebyrå om å lage pakketurar for folk frå mellomklassen som ville sjå dei norske fjordane.

Hotel Mindresunde i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hotel Mindresunde i 1910. Foto: Jens K. Maurseth. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fleire overnattingssenger

Talet på overnattingsstader i Sogn og Fjordane auka med 43 prosent frå 1927 til 1947, men talet på gjestesenger auka med berre 20 prosent. M.a.o. vart bedriftene no større, men færre. Dei ni turisthotella som fanst i fylket i 1947, hadde 850 senger. Hotell-lova av 1935 sette krav til m.a. bad- og klosettstandarden på hotella.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011