Hopp til innhold
X
Innhald

Kristianhus Båtmotormuseum

Kristianhus Båtmotormuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kristianhus Båtmotormuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kristianhus Båtmotormuseum vart opna i Vik i 1997, og husar båtmotorsamlinga til Kristian Otterskred.

Han tok til å samle gamle båtmotorar i 1976, og har sidan samla 240 båtmotorar. Berre i Noreg har det vore 152 verkstader som produserte båtmotorar, og museet har samla motorar frå 40 av desse. Den eldste motoren i samlinga er ein dampmaskin frå 1905.

Otterskred har også samla båtar, og eit par av dei har plass i museet, som Vik kommune bygde på Vikøyri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.06.2011