Hopp til innhold
X
Innhald

Kroken på døra i Høyanger

Protestane frå m.a. Høyanger-folk hjelpte ikkje. Det vart vedteke å byggje sentralsjukehus i Førde.

Protestane frå m.a. Høyanger-folk hjelpte ikkje. Det vart vedteke å byggje sentralsjukehus i Førde.

Utvida lokalsjukehus i Sogn og Fjordane stod ferdig kring 1977, og sentralsjukehuset kom i drift i 1979. Men dette førte til overkapasitet. Sparekniven måtte fram, og lokalsjukehusa som låg nærast sentralsjukehuset stod lagelegast til for hogg:

Sjukehuset i Høyanger hadde frå 1979 fungert som underavdeling av sentralsjukehuset, men i 1982 var det slutt. Etter sterke protestar m.a. frå fagrørsla vart sjukehuset i Høyanger i nedlagt og omgjort til lokal sjukeheim.

Les meir om: Høyanger sjukehus - NACO-sjukehuset.

I 1994 vart Florø sjukehus omgjort til avdeling under sentralsjukehuset (frå 2002: Førde Sentralsjukehus). Eit resultat av sjukehusstriden var at det i 1975 vart stilt eiga «lokalsjukehusliste» ved fylkestingsvalet, med Julius Fure, Selje, på topp. Lista fekk inn fire representantar. Ein av desse var lokalsjukehusaksjonisten Einar Stavrum frå Høyanger.

Les også om regjeringsdiktatet om sjukehus og sjukehusstriden 1967–1972.

Etter at sjukehuset vart lagt ned, vart bygningane overtekne av kommunen, og husar i dag Høyanger Sjukeheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Etter at sjukehuset vart lagt ned, vart bygningane overtekne av kommunen, og husar i dag Høyanger Sjukeheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2010