Hopp til innhold
X
Innhald

Krossmerke etter bjørnedrap

I fjellet ovanfor gardane på Akse mellom Hyllestad og Leirvik kan eit sjå eit krossmerke hogge inn i fjellet.

Dette er minne etter ei kvinne som vart drepen av bjørn ein gong på 1600-talet. Den gravide kvinna var på veg frå Hyllestad mot Akse då ein bjørn rusa fram og gjekk til åtak. Folk kom til like etter hendinga og jaga bjørnen bort, men kvinna døydde av skadene før dei fekk henne til bygds. I berget like ved ulukkesstaden vart det seinare hogge inn ein kross og ei bjørneklo.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018