Hopp til innhold
X
Innhald

Kulturinstitusjonar i fylket

Indre Sogn-tunet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn-tunet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Distriktsmusea

Sogn og Fjordane har fire større distriktsmuseum:

tillegg kjem Sogn Fjordmuseum ved Kaupangerbukta og Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. - Historia kring desse musea, om museumssamlingane og eigedomar som musea har ansvaret for utanom museumsområdet kan du lese om under dei respektive kommunane.

Gamle bygningar på Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK

Gamle bygningar på Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane vart skipa i 1987. Fylkesgalleriet heldt dei første åra til i kjellaren i Røde Kors-bygget i Førde. Det flytta seinare inn i den tidlegare husstellfagskulen i Førde saman med fylkeskulturkontoret. Fylkesgalleriet vart i 2000 omskipa til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. I 2004 vart Sogn og Fjordane Kunstmuseum omskipa til ei stifting. Med i stiftinga er fylkeskommunen og vertskommunar for samlingar, samt kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Kunstmuseum er ansvarleg for fylgjande kunstsamlingar med i alt 2900 verk:

Kunstmuseet på Prestebøen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kunstmuseet på Prestebøen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kunstmuseet

i den tidlegare husstellfagskulen på Prestebøen i Førde. Kunstmuseet skal etter planen flytte inn i nybygg på den tidlegare meieritomta i Førde sentrum i 2012. Sogn og Fjordane kunstmuseum på Prestebøen har eiga kunstsamling, m.a. ein skulpturpark, og har skiftande kunstutstillingar med utvalde kunstnarar. I tillegg driv kunstmuséet vandreutstillingar og ulike pedagogiske tilbod til skulane.

Kunstsenteret

i Førdehuset som m.a. sel arbeid frå dei kring 55 organiserte biletkunstnarane og kunsthandverkarane i fylket ( tal frå 2004).

Utanom Førde omfattar stiftinga:

  • Anders Svor Museum i Hornindal.
  • Astruptunet i Jølster - sjå Nikolai Astrup.
  • Eikaasgalleriet i Jølster - sjå Ludvig Eikaas.
  • Gjesmegalleriet i Lærdal - sjå Hans Gjesme, frå 2011 Sogn Kunstsenter.
  • Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Samordning av musea i fylket

    I 2008-2009 vart det gjennomført ei samordning av musea De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum (Kaupangerskogen), Norsk Reiselivsmuseum (Balestrand), Sunnfjord Folkemuseum (Førde), Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kystmuseet (Florø) og Nordfjord Folkemuseum (Sandane). Dei samordna musea får felles leiing og har fått namnet Musea i Sogn og Fjordane. Tanken er at samordninga skal styrke det faglege miljøet, og det vert felles innsamlingspolitikk og felles magasin. Anne-Marie Førde vart tilsett som den første direktøren for Musea i Sogn og Fjordane. I 2011 vart det skrive intensjonsavtale om at også Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad skal bli ein del av Musea i Sogn og Fjordane.

    Sunnfjord Museum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Sunnfjord Museum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Fylkesbiblioteket for Sogn og Fjordane

    Det noverande fylkesbiblioteket starta med Sogn og Fjordane Boksentral i 1954.

    Sogn og Fjordane Teater

    Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977, og hadde premiere i det nye Førdehuset 28. oktober med komedien ”Dei siste Maksveringar” av Rolf Losnegård frå Holmedal. Men like etter braut det ut ein kvass strid kring styringsforma.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015