Hopp til innhold
X
Innhald

Kunstnarane og Balestrand

H. F. Gude - Fisker med lakseværp 1857. © Blomqvist Kunsthandel.

H. F. Gude - Fisker med lakseværp 1857. © Blomqvist Kunsthandel.

Knapt nokon stad i Noreg har vore så populært reisemål for norske og utanlandske kunstnarar som Balestrand. Fjellet Vindreken, som kvar vinter slepper ned fonna som stengjer riksveg 58 ved Esefjorden, må vere det mest måla fjellmotivet i Noreg.

Den usle husmannsstova i Munken går også att i ei mengd motiv. Det same gjer Balehaugane og utsynet mot Vangsnes - og Balestrand måla frå Vangsnes på motsett side av fjorden.

Fjordlandskap av Peder Cappelen Thurmann med Vindreken og Esefjorden som motiv. © Blomqvist Kunsthandel.

Fjordlandskap av Peder Cappelen Thurmann med Vindreken og Esefjorden som motiv. © Blomqvist Kunsthandel.

Fleire av desse motiva finn ein i den store kunstsamlinga med over 100 kunstverk på Kvikne's Hotel, og elles i Fridtjof Smidt-Hald-samlinga på Midtnes Pensjonat og i Sparebanken Sogn og Fjordane sine lokale, der det m.a. heng bilete av Hans Andreas Dahl, Franz Schiertz og David Kindleberger.

Dei første kunstnarane til Sogn

Dei første kjende bilete av Sogne-naturen skriv seg frå 1700-talet, først og fremst frå Lærdal.

To piker i robåt av Hans Dahl. © Blomqvist Kunsthandel.

To piker i robåt av Hans Dahl. © Blomqvist Kunsthandel.

Romantikarane til Balestrand

Men Johannes Flintoe, I.C. Dahl, Thomas Fearnley og H.F. Gude kom også til Balestrand.

Tidemand og Gude

H.F. Gude måla fleire motiv frå Balestrand.

Thomas Fearnley til Balestrand

Thomas Fearnley var i Balestrand to gonger.

Esaias Tegnér og Fridtjofs Saga

Størst merksemd kring Sogn i utlandet skapte den svenske nasjonalskalden Esaias Tegnér.

Fra Osefjord (truleg Esefjord) av Even Ulving.

Fra Osefjord (truleg Esefjord) av Even Ulving.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011