Hopp til innhold
X
Innhald

Kvakksalvar kutta pulsåra

I 1782 gjekk det ikkje betre enn at ein gut på Indre Hafslo døydde etter å ha blitt lagt under kniven til ein omreisande kvakksalvar:

Ola Sviggo hadde fått ein utvekst på halsen, og faren Erik kalla til seg ein Stavanger-mann som rak rundt i bygdene og gav seg ut for å vere dokter. Han skar bort utveksten på gutehalsen og strødde sand i såret. Men samstundes snitta han i pulsåra, slik at guten døydde.

Tunge straffer

Både kvakksalvaren og faren til guten kom for retten. Torleiv Olson Østvold frå Stavanger fekk fengsel på livstid, medan Erik Sviggo fekk fire månaders straffarbeid og ei tung pengebot for ha vore medskuldig i at sonen døydde.

Vart frikjend

Østvold anka og vart frikjend, men måtte betale sakskostnader. Både i denne og liknande saker som Østvold kom opp i, vart han frikjend av Kongen. Kan grunnen ha vore at han hadde soldatbakgrunn som feltskjær, og såleis vart mildare vurdert enn andre ukunnige som prøvde seg som kirurgar på den tida?

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.11.2008