Hopp til innhold
X
Innhald

Låg og flaut i stova

Dei seks brørne på Larsbruket i indre Nesdal fotograferte eit par veker før ulukka i 1936. Sverre sit på fanget til eldstebror Lars.Til venstre for dei står Asbjørn og Jørgen, til høgre Trygve og Rasmus.

Dei seks brørne på Larsbruket i indre Nesdal fotograferte eit par veker før ulukka i 1936. Sverre sit på fanget til eldstebror Lars.Til venstre for dei står Asbjørn og Jørgen, til høgre Trygve og Rasmus.

Mellom dei som overlevde ulukka er Sverre Nesdal, som berre var eitt år då flodbylgja trefte huset på Larsbruket i Innigard i Nesdal. Han låg i ei barnevogn i ei av to stover. Den andre stova som vende mot Ramnefjellet vart rasert av bylgja med vatn, jord, tre og stein. Trykket fekk døra til stova der Sverre låg til å gå opp, og massane fløymde inn der og. Resten av familien hadde søkt tilflukt i den delen av huset som vende vekk frå fjellet. Då faren hans, Ragnvald, høyrde barnegråt frå stova, sprang han inn og fann den vesle sonen flytande i dei gjørmete massane som hadde trengt inn. Vogna han låg i var ramponert, men guten var så godt som uskadd.

Bylgja gjekk over huset, og eit rom i andre etasje vart og rasert. Heile familien med farmor, mor og far og seks barn overlevde. Sverre meiner dei kan takke eit svært solid bygt hus for at det gjekk så godt med dei. Heller ikkje i 1905 gjekk det menneskeliv på Larsbruket.

Sverre vart lærar og budde det meste av livet sitt i Volda. Sidan han var så liten då katastrofen råka Lodalen har han ikkje eigne minne frå hendinga, men alt han har høyrt og opplevd opp gjennom barndommen gjer at det heile sit spikra i han.

- Som ein svart vegg mot oss

Den nest eldste broren hans, Rasmus, var 13 år i 1936. I boka ”Lodalen – fager og fårleg” av Sigurd Nesdal fortel han :

”Eg og alle i huset vakna av braket då fjellet rasa. Eg høyrde far kom opp i trappa. Søvndrukken vakla eg inn på rommet til Lars. Der var far. Vi stod i vindauget og såg båra braut. Veldig og voldsom kom ho som ein svart vegg innover mot oss. Det gneistra, og eldspruten stod framfor veggen. Fredsvollhusa blei små samanlikna med båra. Like før båra nådde husa, var det liksom dei løfte seg, gjekk i oppløysing og vart borte i mørkret – borte for alltid.

Huset på Larsbruket etter ulukka.

Huset på Larsbruket etter ulukka.

Vi forstod at båra var på veg mot oss og reagerte utan å tenkje. Far sprang ned trappa, medan vi gutane søkte mot guterommet. Mor stod i gangen og stengde utedøra saman med besta. Då kom braket. Først ein ljosblink, så stummande mørke. Det susa i lufta og knaka i tømra hus. Det heile var over i eit kort, men spanande sekund. Då det var over , sprang vi til glaset. Det synet som møtte meg gløymer eg aldri. Lada var rasa saman, og i disen såg eg at alt nedanfor husa våre var lagt øyde. Heller ikkje gløymer eg at far ropa at vi måtte skunde oss ut av huset og springe oppover bøen. Han hadde ulukka i 1905 i minnet. Då kom det tre bårer, og den siste var størst.

I hu og hast, halvnakne og vetskremde, for vi ned trappa og la på sprang oppover i halvskyminga. Far bar Sverre i fanget. Sverre låg i vogna i stova. Der fossa vatnet, og alt som var i stova flaut. Far vod inn og fekk tak i Sverre i siste liten. Døra mellom stovene var slege inn, og vatnet fløymde ut der. Mor og besta vart slegne overende i gangen. Vi var alle i live, men det var berre så vidt. Gavlveggen mot Ramnefjellet var for det meste vekke. Hadde besta lege i senga si, hadde ho enda sine dagar der. Om Lars hadde lege i si seng, hadde han blitt med båra. Golvet i rommet var slege opp, senga endevendt og sengklæda borte.”

.....

Nesdal etter ulukka i 1936. Vi ser Larsbruket midt på biletet. Foto: Petter Sørå.

Nesdal etter ulukka i 1936. Vi ser Larsbruket midt på biletet. Foto: Petter Sørå.

-Kvifor skulle det skje på ny?

”Alle lodølene opplevde skremselsnatta 13. september 1936 på kvar sin måte. Etter mange år sit vi att med våre såre minne om kva som hende. Alle hugsar vi spørsmåla i dei dagane: Kvifor skulle dette skje på ny? Kvifor skulle det råke oss? Kvifor skulle skuldlause born med alle gode voner for framtida, bli lemlesta, såra og drepne? Ein av dei som stilte spørsmåla var far. Etter at båra hadde gått tilbake, etter at vi var trygt plasserte i Abrahamstova, sprang han ned i Innigard for å sjå om det kunne vera overlevande. I ruinhaugane fann han Agnes Nesdal. Ho var mykje såra og døydde i armane hans på veg mot Jo-stova. Eg minnest at far kom gråtande. ”Dette er fælt”, sa han.

- Det var vel slik laga

Kva far tenkte meir etter å ha funne Agnes, etter å ha sett at grannane var borte, veit eg ikkje, men eg trur at i aller største sorg og sakn over tapet av gode grannar og øydelagt heim, fanst og ein tev av takksemd over at vi på Larsbruket kom frå det med livet. Det var berre så vidt. Det var vel slik laga.

Nesdal i 2008. Vi ser husa på Larsbruket lengst til venstre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nesdal i 2008. Vi ser husa på Larsbruket lengst til venstre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018